Jean-Paul Sartre (21.
juni 1905–15. april 1980) var ein fransk eksistentialist, forfattar og regissør. Han vert rekna som ein av dei viktigaste tenkjarane i Frankrike på 1900-talet.
Jean-Paul Sartre | |
Statsborgarskap | Frankrike |
Fødd | 21. juni 1905 Paris |
Død | 15. april 1980 (74 år) |
Yrke | skodespelforfattar, kunnskapsteoretiker, romanforfattar, manusforfattar, biograf, litteraturkritikar, essayist, motstandskjempar, politisk skribent, skribent, filosof, fredsaktivist, kommentator, intellektuell, sosiolog, songtekstforfattar |
Språk | fransk |
Medlem av | American Academy of Arts and Sciences |
Religion | ateisme |
Far | Jean-Baptiste Sartre |
Ektefelle | ingen verdi |
Partnar | Simone de Beauvoir, Michelle Vian, Wanda Kosakiewicz, Olga Kosakiewicz |
Jean-Paul Sartre på Commons |
Nobelprisen i litteratur
1964
Sartre er truleg den best kjende eksistensialisten. Han hadde suksess med romanar og skodespel. Dei eksistensielle tema blei ofte utforska i dei skjønnlitterære verka hans, som t.d. Huis Clos, og i verka til Simone de Beauvoir, som han var i lag med mest heile livet.
Éin av Sartre sine hovudidéar var at mennesket er dømt til å vere fri. «Dømt fordi det ikkje har skapt seg sjølv - men er likevel fri. Fordi det no ein gong er kasta inn i verda, er det ansvarleg for alt det gjer.» «Mennesket er den einaste forfattaren til si eiga åtferd». «Mennesket har ikkje ein gitt menneskeleg natur, men må skape sin eigen. Mennesket er ikkje anna enn det det skapar seg sjølv til.»
Sartre blei i hans seinare verk meir oppteken av høvet mellom sin fridomsfilosofi og marxismen. I Critique de la raison dialectique freista Sartre å kombinere eksistensialisme med marxisme.
Før den andre verdskrigen underviste Sartre på ulike skular. Etter det bruka han livet sitt på å skrive og han redigerte i mange år bladet Les Temps Modernes. Han sat eit år i fengsel under krigen, og han blei eit symbol for dei franske intellektuelle sin motstand mot nazismen.
Sartre fekk nobelprisen i litteratur i 1964, men nekta å ta imot han.
Han blei gravlagd i Cimetière de Montparnasse i Paris.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Jean-Paul Sartre, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.