Jølstravatnet

Jølstravatnet er eit stort vatn midt i Sunnfjord kommune i Vestland.

Vatnet er over 30 km langt og ca. 40 km². Største djupne er 233 m, det vil seie at botnen på vatnet ligg under havnivå. Namnet på vatnet kjem frå bygda det ligg i, Jølster, som har namnet sitt frå det norrøne uttrykket jolmster, som tyder 'bråk' og 'larm'. Utløpselva heiter Jølstra og renn ut i sjøen i Førde 24 km vest for Vassenden i Jølster. Vatnet er kjend som eit av dei beste fiskevatna i landet. Rekordfangstane på garn og stong er 15.5 og 12.1 kg. Det føregår eit relativt stort næringsfiske i vatnet, og t.d. rakauren frå Jølster held høg kvalitet. I det heile er det svært fin kvalitet på fisken i dette vatnet, og dette skuldast i første rekke god regulering av fisket, men også rikeleg tilgang på næring for fisken. Jølstravatnet har gjennom tidene hatt fleire båtruter. Det knyter seg mykje dramatikk og ulukker til vatnet. Mange har drukna der og fleire store ras har teke både liv og eigedom

Jølstravatnet
innsjø
Jølstravatnet
Sett frå Vassenden ved utløpet til vatnet.
Land Jølstravatnet Noreg
Fylke Vestland
Kommune Sunnfjord
Høgd over havet 206-207 moh.
Areal 39,25 km²
Middeldjupn 88 m
Største djupn 233 m
Volum 3,454 km³
Kystlengd1 68,48 km
Koordinatar 61°29′45″N 06°07′54″E / 61.49583°N 6.13167°E / 61.49583; 6.13167

Jølstravatnet
61°29′45″N 6°07′54″E / 61.495833333333°N 6.1316666666667°E / 61.495833333333; 6.1316666666667
Wiki Commons: Jølstravatnet
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.
Jølstravatnet
Eit eldre postkortbilete av Jølstra

Vatnet er ein sentral og dominerande del av landskapet i Jølster. Såleis har det vore motiv for mange målarar og fotografer. Den mest kjende i så måte er Nikolai Astrup (1880-1928), som har Jølstravatnet i mange av sine motiv.

Tags:

JølstraNorrønSunnfjord kommuneVestland fylke

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

SibirInkarikets fallParlamentarisme i kommunarWienerklassisismenKredittBrusselStrilamålTyngdeakselerasjonLene Westgaard-HalleBloggListe over primtalAstrid LindgrenDet skeive tårnet i Pisa18. aprilNorsk Bonde- og SmåbrukarlagAdolf HitlerPauRanværingAlver kommuneIvar AasenOverflatisk veneStillehavetSauChris BrownLand i Eurovision Song ContestStareAftonbladetStaffan stalledrängSluddSneppålAristotelesDesta Marie BeederBergens TidendeOperatunnelenCubaCristiano RonaldoInternasjonal telefonkodeNorske kommuneslagordMachu PicchuEiffeltårnetMusculus latissimus dorsiStavanger kommunePolygamiOsloMidsommarBokormInformasjonsteknologiNorske militære gradarTaylor SwiftNæringslivVersaillestraktatenIslandKirkenærKrapina-ZagorjeSang til BergenRegjeringVatikanstatenThorbjørn BerntsenZinédine ZidaneLangeMoskvaGalenosGoogleSunnhordlandske ord og vendingarJohann Sebastian BachAfrikaVinkelfartPiezometerMari MaurstadLokeMalignitetKrakenOlivia Rodrigo🡆 More