Irokesiske språk er ein nordamerikansk språkfamilie som mellom anna cherokesisk, mohawk og det utdøydde mingospråket høyrer til.
Irokesiske språk | ||
Vidare inndeling: |
| |
Område: | Austlege Nord-Amerika | |
Glottolog: | iroq1247 | |
|
Språkfamilien består av 9 språk, i tillegg til åtte eller fleires språk som vart snakka ved tida for kontakt med europearane. Cirka halvdelen av språka i familien har altså døydd ut etter at europearane kom til Nord-Amerika.
Språkfamilien kan delast i to greiner: Sørirokesisk, som består av cherokesisk, og nordirokesisk, som består av seneca, cayuga, onondaga, oneida, mohawk, wendat (huron), wyandot (petun), og tuscarora. Den indre inndelinga av nordirokesisk er omstridd (sjå Julian 2010, Schillaci m.f. op.cit.), men alle er samd om å gruppere oneida og mohawk i lag.
Schillaci har følgjande inndeling, der hovudgruppene er ordna frå nord til sør, og undergruppene frå aust til vest:
Nordirokesisk |
| |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sørirokesisk | cherokesisk | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Dei irokesiske språka markerer grammatiske relasjonar på verbet, som kongruerer med subjektet og objektet i person og numerus, til skilnad frå t.d. indoeuropeiske språk, der grammatiske relasjonar blir markert med kasus på substantiva. Substantivmorfologien i dei irokesiske språka er enkel.
Denne artikkelen treng fleire referansar for verifikasjon. |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Irokesiske språk, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.