Iransk Kurdistan eller Aust-Kurdistan (kurdisk: Rojhilatê Kurdistanê), er eit uoffisielt namn på dei nordvestlege områda av Iran busett av kurdarar.
Området grensar til Irak og Tyrkia. Det omfattar Kurdistan-provinsen, Kermanshah-provinsen og delar av Vest-Aserbajdsjan. og Ilam-provinsen.
Kurdarar reknar generelt Iransk Kurdistan (Aust-Kurdistan) som ein av dei fire delane av eit Stor-Kurdistan, som òg omfattar delar av det søraustlege Tyrkia (Nord-Kurdistan), det nordlege Syria (Vest-Kurdistan) og det nordlege Irak (Sør-Kurdistan).
I følgje ei folketeljing i 2006 hadde dei fire kurdisk-busette provinsane i Iran eit samla folketal på 6,7 millionar innbyggjarar.
Av dei fire til fem millionane iranske kurdarane, er ein stor del av dei sjiamuslimar. Under den iranske revolusjonen klarte ikkje dei store kurdiske partia å absorbere sjia-kurdarane, som på den tida ikkje hadde noko interesse i sjølvstyre. Mensidan 1990-åra har kurdisk nasjonalisme kome inn i det sjia-kurdiske området, dels på grunn av sinne mot valdeleg undertrykking frå styresmaktene mot kurdarane lengst nord.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Iransk Kurdistan, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.