Internet Archive er ein ideell organisasjon som arbeider med å skapa og oppretthalda eit nettbasert bibliotek og arkiv av internett- og multimediaressursar.
Organisasjonen er geografisk plassert i San Francisco i California i USA.
Internet Archive | |||
| |||
Type | Ideell organisasjon | ||
---|---|---|---|
Skipa | 1996 | ||
Hovudkontor | San Francisco | ||
Leiar | Brewster Kahle | ||
Tenester | Wayback Machine, Open Library | ||
Omsetjing | 29 414 365 US-dollar (2021) | ||
Tilsette | 200 | ||
Motto | universal access to all knowledge | ||
Nettstad | https://archive.org/ |
Internet Archive omfattar blant anna Wayback Machine, eit digitalt tilgjengeleg internettarkiv. Innhaldet inkluderer kopiar av nettsider, som regel fleire kopiar tatt på ulike tidspunkt, dataprogram, filmar, bøker og lydopptak.
For å sikra stabilitet, sikkerhet og tilgang er Internet Archive spegla hjå Biblioteket i Alexandria.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Internet Archive, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.