International Exhibition Centre (IEC) er det største utstillingssenteret i Ukraina.
Arenaen har kapasitet til 15 000 tilskodarar og ligg i den vestre delen av Livoberezjna-distriktet i Kyiv. Bygginga starta i 2002, og arenaen vart opna i oktober same år. Arenaen husa Eurovision Song Contest i mai 2017.
International Exhibition Centre | |||
Offisielt namn | Міжнародний виставковий центр, 'Kyiv internasjonale utstillingssenter' | ||
---|---|---|---|
Arkitekt | Yanush Wig | ||
Opna | oktober 2002 | ||
International Exhibition Centre 50°27′08″N 30°35′29″E / 50.452222°N 30.591389°E |
Det var forretningsmogulen Viktor Tkatsjenko som fekk sett i gang bygginga, og som i dag eig senteret. Tkatsjenko var tidlegare direktør for Sportspalasset, ein annan arena i Kyiv. Direktør for senteret er Janosj Vih, som også er arkitekten bak bygningen. Sjef for bygginga var Eduard Sfronov.
Det internasjonale utstillingssenteret har tre hovudpaviljongar på til saman 58 000 kvadratmeter. Av dette er 28 018 kvadratmeter tilgjengeleg for utstillingsformål. Senteret har ein stor kongressal og dessutan 14 konferansesalar med alt frå 90 til 600 plassar. I tillegg finst det ulike kafear og spisestadar, fleire møterom, lagerrom for verdisaker og våpen, toalett og forskjellige tekniske rom.
9. september 2016 vart senteret vald som arena for den 62. tilskipinga av Eurovision Song Contest 9., 11. og 13. mai 2017. Dei to semifinalane og finalen vart haldne i senteret.
Arenaen er tilknytt det offentlege transportsystemet i Kyiv, mellom anna Livoberezjna metrostasjon på metrolinje 1. Frå stasjonen tek det rundt ti minutt å gå til arenaen.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article International Exhibition Centre, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.