Internasjonalisme er ei politisk rørsle som går inn for større økonomisk og politisk samarbeid mellom nasjonar og land, noko som ein ser på som godt for alle partar.
Tilhengarar av denne rørsla hevdar at land burde samarbeide ettersom landa sine langsiktige interesser er meir verdfulle enn eigne kortsiktige mål .
Internasjonalisme er i sin natur motstykke til isolasjonisme, ekstreme former av nasjonalisme eller nasjonal sjåvinisme, og grunnlaget for den politiske ståstaden er at land og kulturer er jamlike, trass i stor skilnad på eigenart. På ein høgre-venstreskala vil internasjonalismen vera langt til venstre, og eit motstykke til høgresida som strevar etter økonomisk globalisering i eit marknadsøkonomisk system.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Internasjonalisme, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.