Innsatsstyrke Bjørn West er éin av 15 innsatsstyrkar i Heimevernet.
Styrken er innkvartert ved Flesland flyplass militære område, og trener primært i Hordaland. Likevel skal styrken vera innsatsklar i heile landet ved krisesituasjonar, nødkatastrofar eller ved total krig. Bjørn West har kompanistorleik, med om lag 300 soldatar, og er organisert som ein vanleg infanteribataljon. Bjørn West er sjølve spydspissen i Heimevernsdistrikt 09.
Innsatstyrke Bjørn West | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Aktiv | 2004–i dag | ||
Grein | Heimevernet | ||
Type | Kompani | ||
Rolle | Infanteri | ||
Storleik | ca 300 soldatar | ||
Del av | Bergenhus Heimevernsdistrikt 09 | ||
Garnison/HK | Ulven leir |
Hovudoppgåva til troppen er å innhenta opplysningar om motstandaren, ofte bak «fiendens linjer». Primærfunksjonane er oppklaring og overvaking frå observasjonspostar (OP), i tillegg til kontroll- og kontaktpatrulje. Jegersoldatane opptrer ofte i små patruljelag, men må òg kunne arbeida sjølvstendig. Ved oppklaring av eit område eller ein teig, vil jegerlaget arbeida til fots for å spora fiendtleg aktivitet.
Skarpskyttartroppen i Bjørn West driv med styrkevern av eigne innsatstroppar. Skarpskytterne skal vera i stand til å operera over lengre tid utan etterforsyning og under enkle tilhøve. Soldatane er utstyrt med skarpskyttarrifle HK417.
Bjørn West har fleire innsatstroppar. Sjølve grunnstammen i styrken er desse troppane. Dei har som oppgåve å sikra objekt, utøva styrkevern, vegkontrollpost, isolera, pågripa og eventuelt kjempa eventuell fiendtleg styrke. I kvar innsatstropp finst geværlag, kanonlag og oppklaringslag.
Innsatstropp 1 i Bjørn West er ein spesielt utvalt tropp som øver fleire dagar i året enn dei andre troppane.
Bataljonen, som vart oppretta i 1947, held til ved Skjold leir i Troms. Bataljonen skil seg kraftig frå dei andre manøverbataljonane sidan avdelinga er upansra og består hovudsakleg av vernepliktig personell. Medan «nabobataljonen» aukar talet på verva soldatar, vil 2. bataljon vidareførast som ein verneplikt-basert bataljon. Avdelinga går også under namnet Infanteribataljonen grunna det store fokuset på fotsoldatar. Sidan 2. bataljon spesialiserer seg på arktisk krigføring og forsvarsstrid, er avdelinga ein sentral aktør i innanriksforsvaret. Likevel var ikkje avdelinga ein uviktig aktør i Noreg sitt bidrag til NATO-styrkane i Afghanistan. Tenesta er ifylgje Forsvaret utfordrande og skal siktast inn mot oppdrag frå reine kampsituasjonar til handtering av oppdrag i fredsstøtteoperasjonar.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Innsatsstyrke Bjørn West, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.