Illyria

Illyria er ein historisk region og kongedøme vest på Balkanhalvøya ved Adriahavet.

Området samsvarar stort sett til det som i dag er Dalmatia.

Illyria
Illyria
Illyria i Romarriket

I følgje gresk mytologi vart det første kongedømet grunnlagd av kong Illyrius.

Illyrarar busette område i fleire tusen år fram til slavarane invaderte området på 500-talet. Den illyriske sivilisasjonen er derfor ein av dei eldste i Europa. Illyrarane busette område som utgjorde store delar av Jugoslavia (hovudsakleg Bosnia og Dalmatia) samt Albania. Dei tala eit indoeuropeisk språk som kanskje er i nær slekt til albansk. Mange av namna på dei illyriske folkegruppene og stadane har overlevd i skriftlege kjelder på både gresk og latin. Ein er ikkje sikker på at dei sjølv kalla set illyrarar og truleg gjorde dei ikkje det. Vanlegvis har illyrarane vorte definert som dei nabofolkegruppene dei skilde seg frå, det vil seie keltarar, dakarar, thrakarar, grekarar og antikkens makedonarar.

Trass i at William Shakespeare sin Trettandedagsaftan utspelte seg «ein stad i Illyria», tok det meir enn to hundreår før namnet dukka opp på europeiske kart. I 1809 overlét Austerrike ein stor del av landområda aust for Adriahavet, i lag med Kärnten, Istria og kysten av Dalmatia til Kongedømet Napoli under namnet Dei illyriske provinsane.

I 1830- og 1840-åra oppstod illyrismen, ei sørslavisk rørsle leia av Ljudevit Gaj med mål om å samle alle sørslavarar.

Geografi

Illyria har i geografisk-etnografisk samanheng vore nytta om forskjellige område. Først vart det nytta om ei mengd illyriske folk som busette områda mellom elvane Arsia (i dag Arsa aust på Istria) i vest, Drinus (i dag Drina), Boebiskfjella og åsane som går sør for Scardus (Turjanska Planina og Grámmos, mellom Albania og Makedonia) i aust, Pannonia i nord, Ípiros i sør og Adriahavet i sørvest og vest. Det omfatta store delar av det noverande Kroatia og Bosnia, Dalmatia, Montenegro og nodre halvdelen av Albania. Stundom vart det nytta om eit enno større område, der ein òg tok med Pannonia og Noricum i nord.

Historie

Fleire illyriske stammer kan ha slått seg ned på Den italienske halvøya. Desse stammene vert hovudsakleg kalla italo-illyriarar. Nordlege illyriske stammer ved elva Sava vart samla saman av keltiske stammer i området. På 400-talet byrja keltiske folkeslag å slå seg ned i områda mellom Drava og Sava, som strekte seg frå aust i Kroatis til vest for Serbia.

Skriftlege kjelder frå antikken kan tyde på at stammene Agrianes, Triballi og Paeoni var av trakisk opphav.

Den illyriske siviliasjonen

Det er ikkje mange spor att etter den tidlege illyriske siviliasjonen i området, som vert forklart ut frå dei mange krigane og dei forskjellige folkegruppene som har vore i området.

Militæret

Kjelder frå 280 f.Kr. fortel at den illyriske kongen Monun gav Makedonia 20 000 mann som forsvar mot ein keltisk invasjon. Arkeologisk funn tyder på at illyrarane nytta fleire ulike våken som sverd, øks, kniv, pil og boge og spyd. Sica var ein bøygd kniv som illyrarane nytta. Sicarius var det latinske uttrykket for ein illyrisk avrettingsmetode med hjelp av kniv.

Store delar av Illyra var skogkledd og kupert, noko som gjorde det vanskeleg å invadere området. Dei forsvarande styrkane skal visstnok ofte ha rømd og gøymde seg i dei mange fjellområda.

Skipssbyggarkunsten skal ha stått høgt med lette og raske galeiar (jfr. Liburnae og slaget ved Actium).

Sjå òg

  • Dei illyriske provinsane

Kjelder

Tags:

Illyria GeografiIllyria HistorieIllyria Den illyriske siviliasjonenIllyria MilitæretIllyria Sjå ògIllyria KjelderIllyriaAdriahavetBalkanhalvøyaDalmatiaRegion

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

NasjonaldagJohann Sebastian BachBloggerVåren av Aasmund Olavsson VinjeTransportGråorSymbolTorremolinosGitarforsterkarDei sameinte arabiske emirataOprah WinfreySteve PorcaroSvartehavetOslo kommuneSkjoldbruskkjertelenSystem of a DownIvan KramskojFilmen EllingCharlie WattsWikimediaKjemisk formelTherese BjørneboeDet norske alfabetetInternettRegjeringa Bondevik IIJordbruksrevolusjonenA Touch of ClassMiljøproblemMediaWikiAnimismeAdolf HitlerChampions LeagueDet indiske kastesystemetDomenetapOsloSteve JobsAda LovelaceAndrej KrautsjankaKrøllparentesEdvard VII av StorbritanniaCasanova av SupergruppaMeråkerKumøkkOrellanaprovinsenSupermannJasmine Camacho-QuinnClaudio LangesNazistHannoverEli Kari GjengedalMayo Clinic21. januarSamarAusterrikeOksygenÐRefraksjonLangnebbparakittWattensKurdararDurgaCristiano RonaldoISSNKirunaGranArbeidarpartietAskCommunist Party of Great BritainKoboltKlimaHepatitt C-virusPH-meter🡆 More