Ich lasse dich nicht, du segnest mich denn!, BWV 157, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.
BWV 157 Kantate av Johann Sebastian Bach | |||
Sjanger | Koral | ||
---|---|---|---|
Periode | Barokken | ||
Komponert | 1727 Leipzig | ||
Urframføring | 6. februar 1727 | ||
Publiseringsdato | 1886 | ||
Typisk lengd | 18:29 | ||
Satsar/akter | fem |
Han vart komponert i Leipzig i 1727 og framført for kyndelsmesse under gravferda til Johann Christoph von Ponickau i Pomssen. Stykket vart framført på nytt 6. februar 1728 eller seinare i Leipzig.
Teksten er henta frå 1. Mosebok 32: 26 (første sats), Christian Keymann (femte sats) og Christian Friedrich Henrici (Picander) (sats 2-5)
Koraltemaet er basert på salmen «Meinen Jesum laß ich nicht». Andreas Hammerschmidt (1611 eller 1612 - 1676) komponerte denne melodien som først finst i Fest-, Buß- und Danklieder for fem stemmer og fem instrument. Samlinga er tilskriven kurfyrstinne Magdalena Sibylla av Sachsen og vart trykt i 1658 i Zittau.
Stykket er instrumentert for tverrfløyte, to oboar, to fiolinar, violetta (bratsj) og basso continuo, samt to songsolistar (tenor, bass) og firedelt kor.
Det består av fem satsar:
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Ich lasse dich nicht, du segnest mich denn, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.