I Want To Hold Your Hand

«This Boy» (UK) «I Saw Her Standing There» (USA)

«I Want to Hold Your Hand»
Singel av The Beatles
frå albumet Meet the Beatles! (USA)
Berre singel i Europa
B-side

Språk engelsk
Utgjeve 29. november 1963
Innspelt Abbey Road den 17. oktober 1963
Sjanger Rock
Lengd 2:24
Selskap Parlophone R5084 (UK)
Capitol Records 5112 (US)
Komponist John Lennon, Paul McCartney
Tekstforfattar John Lennon, Paul McCartney
Låtskrivar(ar) Lennon/McCartney
Produsent George Martin
The Beatles-kronologi 
«She Loves You»
(1963)
«I Want to Hold Your Hand» «Can’t Buy Me Love»
(1964)

«I Want to Hold Your Hand» er ein song av The Beatles skriven av John Lennon og Paul McCartney. Han vart spelt inn i oktober 1963 og var den første Beatles spelte inn med firespors-opptakar. McCartney og Lennon hadde ikkje ein spesifikk inspirasjon for songen, men fekk instruksjonar frå mangager Brian Epstein om å skrive ein song for den amerikanske marknaden.

«I Want to Hold Your Hand» var den første Beatles-songen som gjekk heilt til topps på den amerikanske singellista Billboard Hot 100 og starta med det den britiske invasjonen på dei amerikanske musikklistene. Han gjekk òg til topps i Storbritannia, Tyskland og Canada. I Noreg låg singelen tre veker på førsteplassen av VG-lista og totalt 12 veker inne på Topp 10. Det vart alt bestilt ein million eksemplar i det same han kom ut og singelen vart den mestseljande singelen til Beatles på verdsbasis.

Innspeling

Epstein var uroa over den manglande suksessen dei tidlegare singlane til Beatles hadde hatt i Amerika og ønskte at Lennon og McCartney skulle skrive ein song for det amerikanske publikummet. Songen vart spelt inn i Abbey Road Studios i Studio 2 den 17. oktober 1963. Songen var ein av to Beatles-songar (i lag med «She Loves You») som vart spelt inn i ei tysk utgåve av bandet, «Komm, gib mir deine Hand». Dette kom av at det tyske plateselskapet til EMI, Odeon, var overtydd om at Beatles kom til å selje meir i Tyskland om songen vart spelt inn på tysk. Beatles mislikte ideen og møtte ikkje opp første gong det vart bestilt studiotid for innspelinga. George Martin fekk derimot overbevist dei om å gjere eit forsøk og songen vart spelt inn på tysk 29. januar 1963 i Paris, ein av få Beatles-songar som ikkje vart spelt inn i London.

Utgjeving

«I Want to Hold Your Hand» vart gjeven ut 29. november 1963 i Storbritannia med «This Boy» som B-side. Ei veke etter at han gjekk inn på den britiske salslista gjekk han til topps på lista, og erstatta «She Loves You», som første gong i britisk musikkhistorie at ein song frå eit band erstatta ein annan song av same band. Songen låg på toppen av lista i fem veker. Beatlemania var på topp i denne perioden og Beatles sette ein ny rekord i Storbritannia med å ha både førsteplassen på singel- og albumlista samstundes.

EMI og Brian Epstein klarte endeleg å overbevise det amerikanske selskapet til EMI, Capitol Records om å gje ut the Beatles i USA. Singelen vart gjeve ut med «I Saw Her Standing There» som B-side 26. desember 1963. Capitol hadde tidlegare vore motvillig til å gje ut Beatles i USA, og mindre selskap som Vee-Jay og Swan hadde i staden gjeve ut dei første singlane deira. Singelen skulle opphavleg kome ut i midten av januar 1964, samstundes med at Beatles skulle spele på The Ed Sullivan Show. Men ein 15 år gammal tilhengjar, Marsha Albert, ønskte å få tak i singelen tidlegare etter å ha sett eit klipp av Beatles spele «She Loves You» på fjernsyn. Ho tok kontakt med radioverten Carroll James i eit radioprogram om ikkje han kunne få tak i ei av platene deira.}}

James valde bad musikksjefen i kanalen om å prøve og få sendt ei utgåve av «I Want to Hold Your Hand» over frå Storbritannia. Songen viste seg å verte særs populær for stasjonen, som normalt hadde eit meir vaksent publikum. James spelte songen om att og om att og brukte ofte å erklære «This is a Carroll James exclusive» i midten av songen for at ingen andre stasjonar skulle stele han. Capitol truga først med rettssak om han og dei andre som hadde fått tak i songen ikkje slutta å spele han, men fann så ut at dei skulle utnytte publisiteten og gje songen ut to veker tidlegare enn planlagd.

Berre dei første tre dagane selde singelen 250 000 eksemplar. 18. januar gjekk songen inn på listene i USA, der han skulle ligge i 15 veker og 1. februar oppnådde Beatles endeleg målet om å nå førsteplassen. Songen låg sju veker på toppen og vart erstatta av songen som «I Want to Hold Your Hand» hadde erstatta i heimlandet, «She Loves You». Dette var første gong sidan Elvis Presley i 1956 hadde erstatta «Don't Be Cruel» med «Love Me Tender».

Med dette starta «den britiske invasjonen» av Amerika og endra for alltid musikkmiljøet her. Britiske band dominerte dei amerikanske listene gjennom heile 1964. Andre band som var populære i denne perioden var the Dave Clark Five, the Rolling Stones, the Kinks, the Hollies og Herman’s Hermits.

«I Want to Hold Your Hand» vart òg gjeve ut i Amerika på albumet Meet the Beatles!, som var banebrytande i Amerika fordi det selde meir enn singelen. Før dette hadde den amerikanske musikkmarknaden vore dominert av singlar i staden for heile album. To månader etter albumet kom ut hadde det seld meir enn 3,5 millionar eksemplar.

Etterverknad

Sjølv om songen vart populær på begge sider av Atlanteren vart han av enkelte kritikarar avfeidd som ein song som ikkje kom til å vare særleg lenge. Bob Dylan var imponert av nyvinningane til Beatles og sa at «Dei gjorde ting som ingen andre gjorde. Akkordane deira var usedvanlege og harmoniane deira gjorde det heile ekte.»

Songen var med på lista til Rock and Roll Hall of Fame over dei 500 songane som forma rock and roll. Recording Industry Association of America, National Endowment for the Arts og Scholastic Press har kalla «I Want to Hold Your Hand» ein av hundreåret sine største songar og Rolling Stone plasserte songen på 16. plass over dei 500 største songane gjennom tidene. I magasinet Mojo hamna songen på 2. plass over dei 100 songane som endra verda, etter Little Richard sin Tutti Frutti. Songen ligg på 39. plass på Billboard's All Time Top 100.

Medverkande

    Per Ian MacDonald

Salslister og salstrofé

Vekeslister

Liste (1963–64) Plassering
Australia (Kent Music Report) 1
Belgia (Ultratop 50 Flandern) 6
Irland (IRMA) 2
Nederland (Mega Single Top 100) 1
New Zealand (Lever Hit Parade) 1
Noreg (VG-lista) 1
UK Singles (Official Charts Company) 1
US Billboard Hot 100 1
US Cash Box Top 100 1
West German Media Control Singles Chart 1

Årslister

Liste (1963) Plassering
Australia 1
Liste (1964) Plassering
US Billboard Hot 100 1
US Cash Box 1

Tidenes lister

Liste Passering
US Billboard Hot 100 44

Salstrofé

Region Salstrofé Salstal
USA (RIAA) Gull 1 000 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Føregangar
«She Loves You»
The Beatles
Toppen av VG-lista
3 veker, veke 4–6 1964
Etterfylgjar
«Hippy Hippy Shake»
The Swinging Blue Jeans

Tags:

I Want To Hold Your Hand InnspelingI Want To Hold Your Hand UtgjevingI Want To Hold Your Hand EtterverknadI Want To Hold Your Hand MedverkandeI Want To Hold Your Hand Salslister og salstroféI Want To Hold Your Hand KjelderI Want To Hold Your Hand BakgrunnsstoffI Want To Hold Your HandI Saw Her Standing ThereThis Boy

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

26. marsAudhumblaSverigeFlukta frå DyreskogenBjørnMitokondriumGulsvikOrkdal kommuneSpotifyDet latinske alfabetetSandsøya i SandeNordkappbankenHeilage onsdagMilliOppdalNato-alfabetetGodzillaChampions LeagueSkottlandHeilage NikolasA Whiter Shade of PaleMancaveHestSeglfartøyet jaktGran Colombia1662BrårudNorskTidlegare kommunevåpen i NoregEirik RaudeGudbrandsdalenPrimstavAlderspensjonKirgisistanOdesaKveiteIndiaIsbreGjermund EggenKnapstadBjørnstjerne BjørnsonPÅttringHenning MankellAlkoholDjengis khanCristiano RonaldoFareskiltRussell CroweMartine LundeHaitiJiddischSoknerådKlubbeBjørnøyaDen kalde krigenMaiSluddInnsjøar i SverigeBrusselGro Harlem BrundtlandECERNDei største øyane i verdaIngunn YssenIltalehtiNorrøntFumaroleMexicoSiamStillitsPåskekrimNapoléon Bonaparte🡆 More