Hyrkansk Skog

Hyrkansk skog er ein økoregion ved den sørlege kysten til Kaspihavet i det nordlege Iran og søraustlege Aserbajdsjan.

Skogen er oppkalla etter oldtidsriket Hyrkania. Den naturlege vegetasjonen er frodig og artsrik lauvskog som trivst i det jamt fuktige og varme klimaet. Fleire treslag som døydde ut i Europa i istidene, har funne ein tilfluktstad her.

Hyrkansk Skog
På satellittbiletet ser ein den hyrkanske skogen som eit grønt belte sør for Kaspihavet.

Fysisk geografi

Hyrkansk Skog 
Hyrkansk skog i Gilan med tåke

Området er omtrent 800 km langt og 110 km breitt med eit areal på 50 000 km². Det omfattar kystslettene ved Kaspihavet og nordskråningen til Elburzfjella. I Iran veks skogen i fem provinsar frå aust til vest: Nord-Khorasan, Golestan, Mazandaran, Gilan og Ardabil, og i Aserbajdsjan finst den i Talysjfjella og på slettelandet ved Lənkəran.

Lågtliggende område har eit fuktig subtropisk klima. Vestavind bringar fukt frå Atlanterhavet, Middelhavet og Svartehavet om hausten, vinteren og våren. Sibirhøgtrykket kan blokkera for vestavinden om hausten og vinteren, spesielt i dei austlege områda. Ein anna årsak til at det om hausten er meir regn i vest er nordaustleg vind frå sibirhøgtrykket eller polarfronten. Denne vinden tek opp mykje fukt frå Kaspihavet som fell som orografisk nedbør når desse luftmassane vert tvinga oppover av Elburz. Fukt frå Kaspihavet gjer at tørketida om sommaren vert kort eller fråverande.

Årsnedbøren varierer frå 530 mm i aust til 1350 mm i vest, men nokon stadar i vest kan ha opptil 2000 mm nedbør i året. Det er mest regn om våren, seinhausten og vinteren. Nedbøren er ganske jamt fordelt over året i vest, men dei austlegaste områda kan ha opptil tre månaders tørketid om sommaren. Gjennomsnittleg relativ luftfukt er alltid høg og varierer frå 74,6 % i aust til 84,6 % i vest. Dei høgareliggande områda har nesten permanent tåke. Gjennomsnittleg årstemperatur varierer frå 15 °C i vest til 17,5 °C i aust. I dei varmaste månadene er temperaturen 28–35 °C og i dei kaldaste 1,5–4 °C.

Geologisk omfattar området to ulike einingar. Kystslettene tilhøyrer den aral-kaspiske senkinga, og Kaspihavet ligg omtrent 26 meter under overflata til verdshav. I Elburz- og Talysfjella går derimot den hyrkanske skogen opp til meir enn 2000 moh. Fjella er danna i den alpine fjellkjedefoldinga, og det ligg store forkastingar i overgangen mellom dei to sonene. Kaspihavet er ein rest av eit mykje større innlandshav, Paratethys, men vart skilt frå verdshava for omtrent 5,2 millionar år sidan. I istidene har overflata på Kaspihavet stige til 50 moh. slik at det er vorte forbunde med Svartehavet.

Plantesamfunn

Hyrkansk Skog 
Skog ved festninga Ghal'eh Rudkhan
Hyrkansk Skog 
Temperert regnskog i Aserbajdsjan.

Trea i den hyrkanske skogen feller lauvet om vinteren, men i busksjiktet er det mange eviggrøne arter. Eit påfallande trekk er at bartre nesten heilt manglar. Dei elles viktige slektene gran, edelgran og furu veks ikkje i området, og dei einaste bartrea er barlind, einar, ekte sypress og orienttuja.

Det er ei rekkje ulike plantesamfunn i den hyrkanske skogen. Dei viktigaste er:

  • Querco-Buxetum Finst på sandgrunn på kystslettene. Det er to etasjar med tre. Den høgaste består av kastanjebladeik blanda med Acer velutinum, svartor og vanleg vingenøtt. Ein lågare, tettvokse etasje består av Buxus hyrcana, Gleditsia caspia, Albizia julibrissin og daddelplomme. Dei vanlegaste buskane er granateple, ekte mispel og Danae racemosa. Klatreplanter er Hedera pastuchovii, Dioscorea communis, Periploca graeca, Smilax excelsa, duftsjasmin, strandvindel og ekte vinranke. Botnvegetasjonen er gras og bregnar, blant annan kantbregne. Det er mange moseartar; nokon veks på bakken, medan andre er epifytiske.
  • Querco-Carpinetum Finst i nordvendte skråningar i låglandet, opptil 700 moh., med mindre luftfukt enn førre type. Opphavleg blandingsskog av kastanjebladeik og agnbøk, men hogst har gjort at eiketrea stort sett er borte. Der jorda er tørrare, kjem Zelkova carpinifolia inn, og ein får plantesamfunnet Zelkovo-Quercetum.
  • Parrotio-Carpinetum Finst i åsar ved kysten, opptil 700 moh. Består av påfuglbusk og agnbøk. I botnvegetasjonen finst alpefiol (Cyclamen elegans) og nøkleblom (Primula heterochroma).
  • Fagetum hyrcanum Veks i middels høgd i fjella, 700–1500 moh. Består av orientbøk, anten i reine bestandar, eller saman med andre hardføre treslag, som agnbøk, tarmvriasal, alm, kaukasuslind, ask, tyrkarlønn og Alnus subcordata. Bøketrea kan verta opptil 50 m høge med ein stammediameter på 2 m. Bøkeskogane vert delt i sju undergrupper inndelt etter den vanlegaste planta i botnvegetasjonen: Vaccinium arctostaphylos, Ilex spinigera, myske, Ruscus hyrcanus, hårfrytle, sanikkel og skogbingel.
  • Carpinetum orientale Det øvste skogbeltet i fjella. Ligg over tåkesona og har eit ganske tørt klima. Skoggrensen ligg rundt 2700 moh., men enkelttre kan finnast opp til 3000 moh. Består av orientagnbøk og kongseik. Eit relikt bestand med bjørk i Dodangeh sør for Sari 2500–2950 moh. vart først anteken å vera hengebjørk, men viste seg å vera Betula litwinowii, som tidlegare var ukjent frå Iran. Denne arta har ganske store bestandar sentralt i Elburzfjella, medan hengebjørk berre finst lengst vest og aust. Bjørk og kongseik dannar plantesamfunnet Querco-Betuletum. Andre vedaktige plantar her er rogn, orientagnbøk, spissløn, balkanlønn og geitved.
  • Cupressus sempervirens- og Thuya orientalis-bestandar. Finst på stadar med regnskugge i djupe dalar i Elburzfjella. Disse stadane har så lang tørketid om sommaren at dei får middelhavsklima. Her finst relikte bestandar av ekte sypress saman med andre middelhavplanter som myrt, Jasminum fruticans, Pallenis spinosa, Salvia viridis og Alnus orientalis. Austom Gorgan veks den elles østasiatiske arta orienttuja på ein stad med middelhavsklima.

Plantegeografi

Hyrkansk Skog 
Albizia julibrissin
Hyrkansk Skog 
Alnus subcordata

Artsrikdom

Ein database med opplysningar om floraen ved den sørlege delen av Det kaspiske hav viser at det finst 3234 arter av karplanter, som tilhøyrer 856 slekter og 148 familiar, i eit område som består av dei iranske provinsane Golestan, Mazandaran og Gilan, og dessutan Talysj i Aserbajdsjan. Mange av desse planteartene er rett nok xerofyttar som berre veks i halørken og tørre fjell lengst sør i området, og mengd plantearter i den hyrkanske skogen er difor noko mindre. Omtrent 280 arter er endemiske eller nesten endemiske for det hyrkanske området.

Eurosibirske artar

Den hyrkanske skogen tilhøyrer den eurosibirske region i det holarktiske planteriket. Hovedkammen på Elburzfjellene skil området frå den irano-turanske regionen i sør. Typiske eurosibirske trær og buskar i området er:

  • naverlønn (Acer campestre)
  • svartor (Alnus glutinosa)
  • berberis (Berberis vulgaris)
  • hengebjørk (Betula pendula)
  • agnbøk (Carpinus betulus)
  • søtkirsebær (Prunus avium)
  • villkornell (Cornus sanguinea)
  • hassel (Corylus avellana)
  • tysbast (Daphne mezerum)
  • trollhegg (Frangula alnus)
  • ask (Fraxinus excelsior)
  • einar (Juniperus communis)
  • vintereik (Quercus petraea)
  • geitved (Rhamnus cathartica)
  • tarmvriasal (Sorbus torminalis)
  • barlind (Taxus baccata)
  • lind (Tilia cordata)
  • krossved (Viburnum opulus)

Euxino-hyrkanske artar

Den eurosibirske regionen vert delt i ei rekkje planteprovinsar, og den hyrkanske skogen tilhøyrer den euxino-hyrkanske provinsen. Den omfattar òg dei euxiniske skogane ved svartehavskysten i søraustlege Bulgaria, nordlege Tyrkia og vestlege Kaukasia. Desse to områda har lignande vegetasjon med relikte lauvtre og urter som krev eit fuktig og varmt temperert klima. Artssammensetningen er ganske ulik, og nokon botanikarar deler områda i to skilde provinsar. Felles arter for dei to områda er:

  • tyrkarlønn (Acer cappadocicum)
  • Leptopus chinensis
  • Betula litwinowii
  • Crataegus microphylla
  • Crataegus pentagyna
  • Daphne pontica
  • daddelplomme (Diospyros lotus)
  • orientbøk (Fagus orientalis)
  • Hypericum androsaemum
  • duftsjasmin (Jasminum officinale)
  • ekte mispel (Mespilus germanica)
  • laurbærhegg (Prunus laurocerasus)
  • vanleg vengjenøtt (Pterocarya fraxinifolia)
  • Ribes biebersteinii
  • Sorbus subfusca
  • Smilax excelsa
  • kaukasuslind (Tilia dasystyla)
  • Tilia rubra
  • Vaccinium arctostaphylos
  • kaukasisk alm (Zelkova carpinifolia)

Hyrkanske artar

Typiske hyrkanske buskar og tre omfattar tolv arter som er endemiske for området, og dessutan nokon som har ei utbreiing med tyngdepunkt i området, men som òg finst i til dømes austlege Kaukasus eller Kopet Dag. Lindeslekta (Tilia) har høg diversitet i området med seks arter, derav to endemiske. Dei typisk hyrkanske artene er:

  • Acer mazandaranicum
  • Acer velutinum
  • Albizia julibrissin
  • Alnus dolichocarpa
  • Alnus djavanshirii
  • Alnus subcordata
  • Buxus hyrcana (ofte rekna som ei underart av buksbom, Buxus sempervirens subsp. hyrcana)
  • Danae racemosa
  • Euonymus velutinus
  • Frangula grandifolia
  • Gleditsia caspia
  • Hedera pastuchovii
  • Ilex spinigera
  • påfuglbusk (Parrotia persica)
  • Populus caspica
  • Pyrus boissieriana
  • kastanjebladeik (Quercus castaneifolia)
  • Ruscus hyrcanus
  • Sorbus tiliaefolia
  • Tilia begonifolia
  • Tilia sabetii
  • Tilia stellato-pilosa

Relikte artar

Dei tempererte lauvskogane i vestlege Eurasia har langt færre arter enn tilsvarande vegetasjon i Aust-Asia og austlege Nord-Amerika. Fossil frå miocen og pliocen viser at Europa tidlegare hadde ein flora som likna meir på dei to andre områda, men mange arter døydde ut rett før eller i istidene i pleistocen. Den hyrkanske skogen er eit refugium der ein finn planter som elles er utdøydd i den vestlege delen av Eurasia. Parrotia, Pterocarya og Zelkova er no typiske for den hyrkanske skogen, men dei var vanlege tre i Europa før dei døydde ut i løpet av pleistocen. Den hyrkanske skogen har likevel berre ein audmjuk rest av det tidlegare mangfaldet. Mange treslag som krev mykje fukt og varme, som Eucommia, Ginkgo og Taxodium, manglar. Døme på relikte arter i den hyrkanske skogen er:

  • Tyrkarlønn (Acer cappadocicum) har andre underarter i Himalaya og sørvestlige Kina.
  • Albizia julibrissin tilhøyrer ein pantropisk slekt. Det er omdiskutert om arta er endemisk for området, eller om den òg finst naturleg i Aust-Asia.
  • Alnus subcordata har éin nær slektning i Sør-Europa, italiensk or (Alnus cordata) og éin i nordøstlige Asia, Alnus japonica
  • Danae racemosa er den einaste arta i sin slekt. Den har ein disjunkt utbreiing og finst òg i dei tyrkiske Nurfjellene omtrent 1000 km unna.
  • Daddelplomme (Diospyros lotus) veks òg i Kina, Himalaya og Sentral-Asia. Slekta er pantropisk.
  • Gleditsia caspia har sina næraste slektningar i Kina og Japan, Gleditsia japonica og Gleditsia delavayi.
  • Duftsjasmin (Jasminum officinale) er òg utbreidd i Himalaya og Kina.
  • Ekte mispel (Mespilus germanica) er den einaste arta i sin slekt.
  • Påfuglbusk (Parrotia persica) vart tidlegare rekna som den einaste arta i sin slekt, men det er no påvist ein anna art i Kina.
  • Laurbærhegg (Prunus laurocerasus) er nærast i slekt med portugalhegg (Prunus lusitanica), som veks i sørvestlige Europa, Marokko og Makaronesia. Dei andre eviggrønne Prunus-artene finst i sørlege Afrika og søraustlege Asia.
  • Vanleg vengjenøtt (Pterocarya fraxinifolia) er den einaste arta i slekta Pterocarya i Vest-Asia, men Aust-Asia er det fem andre arter.
  • Pyrus boissieriana tilhøyrer seksjon Pashia i pæreslekta. Dei andre artene i seksjonen veks i Himalaya og Aust-Asia.
  • Vaccinium arctostaphylos har sin næraste slektning, Vaccinium padifolium, på Madeira.
  • Kaukasisk alm (Zelkova carpinifolia) tilhøyrer ei slekt som elles finst i Aust-Asia og på middelhavsøyene Sicilia og Kreta.

Dyreliv

Kaspitigeren levde i desse skogane, men den er globalt utrydda. Det er enno nokre få leopardar. Andre pattedyr i den hyrkanske skogen er gaupa, jungelkatt, ulv, sjakal, rødrev, brunbjørn, mår, grevling, oter, villsvin, hjort og rådyr. Skogmusa Apodemus hyrcanicus, markmusa Microtus schelkovnikovi og spissmusa Crocidura caspica er endemiske for området. Skogane er ein del av det opphavlege utbreiingsområdet til fasan. Fuglane i skogane er nesten utelukkande arter som òg finst i Europa, som småskrikørn, vepsevåk, spurvehauk, balkanhauk, skogdue, kattugle, grønnspett, svartspett, flaggspett, syriaspett, dvergspett, pirol, kjøtmeis, svartmeis, blåmeis, trekryper, stjertmeis, spettmeis og einarsongar. Ei fugleart med det meste av utbreiinga i tropiske delar av Asia og Afrika er shikrahauk. Det finst òg ei endemisk fugleart, elbursmeis (Poecile hyrcanus), som nyleg er skilt ut frå balkanmeis.

Økonomisk tyding og miljøtruslar

Nesten all skog i lavlandet er borte, og areala vert brukt til busetnad og dyrking av te, grønnsaker, frukt, vindruer og vert ridt. Bøkeskogane i fjella er godt verna og gjev grunnlag for omfattande skogdrift. Her er det òg planta ein del framande bartre. Årsproduksjonen var oppe i 1,4 millionar m³ i 1994, men var i 2010 redusert til 0,7 millionar m³. Omtrent 45 prosent av arealet er for bratt til å kunna huggast med konvensjonelle metodar. Truslar mot skogane er oppdyrking, dambygging, overdriven beiting av husdyr og uforsvarlig skogdrift. Flatehogst i dei nedbørrike og bratte fjellsidene har fleire stadar ført til omfattande erosjon.

Verdsarv

I 2019 vart den hyrkanske skogen i Iran oppført på UNESCO si liste over naturarvsteder.

Kjelder

Tags:

Hyrkansk Skog Fysisk geografiHyrkansk Skog PlantesamfunnHyrkansk Skog PlantegeografiHyrkansk Skog DyrelivHyrkansk Skog Økonomisk tyding og miljøtruslarHyrkansk Skog VerdsarvHyrkansk Skog KjelderHyrkansk SkogAserbajdsjanHyrkaniaIranKaspihavetØkoregion

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Henry David ThoreauHenrik II av EnglandEmma WatsonSki-VM 2019KvenerDei fem K-ane i sikhismenGabonSola kommuneBodø kommuneStorfeAristotelesTangentAstrid LindgrenOdd NerdrumBergenMrs. RobinsonBjorøyhavnVM i friidrett 2019EinatFinding NemoHenrik IbsenWikifrasarHellasSkjør astmaAlm2019Elektrostatisk generatorArabiskDisney Channel SkandinaviaNorsk folkedansJerry Leiber og Mike StollerBloggFrits ThaulowJohn ScofieldFrankararAndre verdskrigenSkypeAleksander den storeScrabbleVladimir PutinCarles PuigdemontHillary ClintonVegard UlvangTarasåsenBrasilDen sørlege vasslangenTongaBarry HayHistorisk oversyn over kommunar i HordalandMuhammedLemmingApplausJesusKanye WestErik HöglundTysklandStein EriksenVM i friidrett 2022Høgaste fjell i EuropaXanthippeSvastikaEkstremvêret FrodeSpaniaHar SedomEddadiktTørkeOuverture i fransk stilMogopFuerteventuraJaroslav SakalaMånenManchester UnitedRussisk matBritisk pundGhanaWayback Machine🡆 More