Ein gjetar, hyrding eller hjuring er ein person som driv med gjeting; passar på at husdyr ikkje går seg vekk eller skader seg og vernar dei mot rovdyr.
I tillegg kan gjetaren ha i oppgåve å mjølka, klippa og slakta dyra.
Innan kristendommen er gjetaren eit mykje brukt symbol. Jesus likna Gud med ein god gjetar for sjelane, og kyrkja tok seinare i bruk dette biletet, mellom anna ved at biskopar brukte ein gjetarstav-liknande bispestav. I Juleevangeliet blir gjetarar nemnde som nokre av dei første som fekk sjå jesusbarnet.
Den hinduiske guden Krisjna voks opp som ein kugjetar, og er ofte avbilda spelande på fløyte for kyrne.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Gjetar, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.