«Maybe It's You»
Hurting Each Other Singel av The Carpenters frå albumet A Song for You | ||
B-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 23. desember 1971 | |
Innspelt | 1971 | |
Sjanger | Pop | |
Lengd | 2:48 | |
Selskap | A&M 1322 | |
Låtskrivar(ar) | Gary Geld Peter Udell | |
Produsent | Jack Daugherty | |
The Carpenters-kronologi | ||
«Bless the Beasts and Children» (1971) | Hurting Each Other | «It's Going to Take Some Time»/«Flat Baroque» (1972)
|
«Hurting Each Other» er ein song som vart gjort populær av The Carpenters i 1972. Han vart skriven av Gary Geld og Peter Udell i 1965, og vart spelt inn av artistar frå Ruby and the Romantics til Rosemary Clooney.
Ein tidleg versjon av songen vart spelt inn av Jimmy Clanton og gjeve ut i 1965 som ein singel på Mala Records. I følgje Richard Carpenter hadde versjonen av «Hurting Each Other» ei anna kjensle enn versjonen til Carpenters.
Chad Allan & The Expressions, som seinare vart The Guess Who, spelte òg inn songen i 1965 på Hey Ho (What You Do to Me). Dei gav han ut som singel og nådde 19. plassen på den kanadiske singellista tidleg i 1966.
Ein versjon av «Hurting Each Other» finst òg på The Walker Brothers-albumet Portrait, som kom ut i 1966.
The Carpenters spelte inn «Hurting Each Other» mot slutten av 1971. Han vart gjeven ut som singel seint i 1971 frå albumet A Song for You. Han nådde andreplassen på Billboard Hot 100 og toppen av Easy Listening-lista.
The Carpenters framførte «Hurting Each Other» på mange av konsertane sine, mellom anna ein forkorta versjon på Live in Osaka i 1974.
Liste | Plassering |
---|---|
Canada | 2 |
Japan | 56 |
U.S. Billboard Hot 100 | 2 |
U.S. Billboard Easy Listening | 1 |
Andy Williams gav ut ein versjon i 1972 på albumet Love Theme frå «The Godfather».
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Hurting Each Other, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.