Hummar (Homarus gammarus) er ein stor hummarart som lever aust i Atlanterhavet frå Lofoten til Marokko.
Europeisk hummar | |
Europeisk hummar | |
Status | |
Status i verda: Livskraftig Status i Noreg: Sårbar | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Leddyr Arthropoda |
Underrekkje: | Krepsdyr Crustacea |
Klasse: | Storkreps Malacostraca |
Orden: | Tifotkreps Decapoda |
Familie: | Hummarfamilien Nephropidae |
Slekt: | Homarus |
Art: | Europeisk hummar H. gammarus |
Vitskapleg namn | |
Homarus gammarus |
Han vert sjeldan funne lågare enn 50 m, men opptrer likevel sporadisk frå fjæresteinane og ned til 150 m djupn. Dyret vert òg omtalt som europeisk hummar, og er det største krepsdyret som førekjem naturleg i norske farvatn.
Hummaren høyrer til tifotkrepsane og har såleis fem par gangbein, kor dei første er omdanna til kraftige klør. Han har ledda bakkropp med kraftige uropodar (halevifte). Som regel er han blå til svart av farge, men avvik førekjem relativt hyppig. Den viktigaste morfologiske skilnaden på europeisk og amerikansk hummar er at han manglar piggar på undersida av nakkehornet sitt.
Hummaren er som regel mellom 23 og 50 cm lang og veg rundt 0,7 kg. Under gode tilhøve kan dei likevel bli langt større; rekordane ligg på lengder opp til 1,26 m og vekt på nesten 19 kg. På den tida hummaren har nådd mistemålsstorleik (i Storbritannia 87 mm lang over ryggskjoldet) reknar ein med at han er 5-7 år gamal, medan dei eldste registrerte eksemplara har vore over 50.
Humrar er einslege, nattaktive og territoriale dyr som gøymer seg i holer eller gropar i sjøbotnen på dagtid. Om sommaren, under høgsesongen for hummarfiske, vandrar dei ut på leit etter makar. Egga vert borne rundt av hoa i rundt 11 månadar, før dei klekker og larvene sym ut i vassmassane. Her vert dei i rundt 2-3 veker, før dei botnslår til eit stilleståande tilvære på omkring 2 år. Når ryggskjoldet er om lag 15 mm langt forlet dei hola sine for å oppsøkja holrom på steinbotn. Hummaren er vaksen i 4-5-års-alderen.
I vaksen tilstand lever den europeiske hummaren hovudsakleg av virvellause botndyr som krabbar, blautdyr, kråkeboller, mangebørstemark og sjøstjerner, men det hender òg han et fisk og plantar. I samband med skalskiftet et dei store mengder pigghudingar for å få i seg nok kalsium. Om vinteren et dei mindre på grunn av temperaturavhengige svingingar i metabolismen.
Den europeiske hummaren vert ikkje fiska i like stor skala som den amerikanske, men det føregår jamleg fangst over heile utbreiingsområdet. Mesteparten av fiskeriet vert gjort med hummarteiner. Prisnivået i 2001 låg rundt €15 per kilo hummarkjøt.
Det har vorte gjort forsøk på oppdrett av hummar i eigne anlegg, men desse har mislukkast på grunn av den aggressive territoriale åtferda dyret viser.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Hummar, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.