Hui, Hudøy eller Hudø er ei øy i Tønsbergfjorden i Færder kommune.
Hudøy er på rundt 1,4 km² og har ein flott natur med alt frå svaberg, knausar og knattar til urørt skog.
Hui | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Ytre Oslofjord |
Koordinatar | 59°07′16″N 10°21′32″E / 59.12111°N 10.35889°E
|
Areal | 1,4 km²
|
Høgaste punkt | 34 moh. |
Administrasjon | |
Land | Noreg |
Fylke | Vestfold
|
Hui er ei av øyane i Tjøme sin skjergard som tidlegare hadde fast busetnad, men øya har ikkje vore busett sidan 1985. Rundt hundreårsskiftet budde det omkring 150 menneske der. Dei fleste levde av ein kombinasjon av jordbruk, fiske og skipsfart.
Øya er eigd av Oslo kommune, og er mest kjend for sine feriekoloniar eller sommarleirar for vanskelegstilte born frå byen. Feriekolonidrifta byrja på Hui i 1916. Feriekoloniane vart tidlegare drive direkte av Oslo kommune, men frå 1991 har kommunen samarbeida med Kirkens bymisjon gjennom Stiftinga Hudøy. Hudøy har i dag 59 bygg fordelt på 11 leirstader.
Forfattarane Alf Larsen (1885-1967) og Aasmund Brynildsen (1917-1974) kom begge frå Hudøy. Brynildsen utgav i 1974 memoarboka Hudø. Bilder fra en barndom med illustrasjonar av grafikaren Hans Gerhard Sørensen (1923-1999).
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Hui, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.