Hoverla (ukrainsk Говерла, Hoverla; ungarsk Hóvár; rumensk Hovârla; Goverla, tsjekkisk og slovakisk: Hoverla, polsk Howerla, russisk Говерла) er med ei høgd på 2061 meter over havet det høgaste fjellet i Ukraina og ein del av Karpatane.
Fjellet ligg aust i Beskidane i Tsjornohora. Fjellsidene er dekte av bøk- og granskog, og over skogane ligg det fjellenger kalla polonyna på ukrainsk. På austsida av fjellet ligg hovudkjelda til elva Prut.
Hoverla | |||
Говерла | |||
fjell | |||
Hoverla, september 2003 | |||
Land | Ukraina | ||
---|---|---|---|
Del av | Aust-Beskidane og Dei ukrainske Karpatane | ||
Fjellkjede | Tsjornohora (Karpatane) | ||
Topp | Vest-Ukraina | ||
- høgd | 2 061 moh. | ||
- koordinatar | 48°09′36″N 24°30′01″E / 48.16000°N 24.50028°E | ||
Hoverla 48°09′37″N 24°30′00″E / 48.160277777778°N 24.5°E | |||
| |||
Wiki Commons: Hoverla | |||
Seint på 1800-talet vart fjellet eit kjent turistmål, særleg blant turistar frå nærliggande byar i Galicia. I 1880 var den første turistruta mellom toppen av Hoverla og Krasny Luh markert av Leopold Wajgel. Året etter vart den første hytta bygd her.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Hoverla, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.