Hooker 'n Heat Studioalbum av John Lee Hooker & Canned Heat | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 15. januar 1971 | |
Innspelt | Liberty Records, Los Angeles, California mai 1970 | |
Sjanger | Blues | |
Lengd | 1:23:40 | |
Selskap | Liberty / Elektra | |
Produsent | Bob Hite, Skip Taylor | |
John Lee Hooker-kronologi | ||
---|---|---|
Goin' Down Highway 51 (1971) | Hooker 'n Heat | Endless Boogie(1971) |
Canned Heat-kronologi | ||
Canned Heat '70 Concert Live in Europe (1970) | Hooker 'n Heat | Live at Topanga Corral (1971) |
Hooker 'n Heat er eit dobbeltalbum av blueslegenda John Lee Hooker og bluesrockbandet Canned Heat frå tidleg 1971. Det var det siste studioalbumet med munnspelspelaren, gitaristen og låtskrivaren Alan Wilson, som døydde i september 1970 av ein overdose. Biletet på framsida av plateomslaget vart teke etter Wilson var død, men biletet av han er å sjå på veggen bak John Lee Hooker. Gitaristen Henry Vestine var heller ikkje til stades då biletet vart teke. Personen som står føre vindauget, for Vestine, er manageren deira, Skip Taylor.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic |
Dei første seks spora på albumet er berre framført av Hooker aleine på gitar og vokal. På dei neste seks songane er Alan Wilson med på munnspel eller piano, medan heile bandet, utanom Bob Hite, som var produsent på innspelinga, spelte på dei resterande songane.
Det var det første albumet til Hooker som gjekk inn på albumlista i USA, då det nådde 78. plassen på Billboard-lista.
Alle songar er skrivne av John Lee Hooker, utanom der andre er nemnde.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Messin' with the Hook» | 3:23 |
2. | «The Feelin' Is Gone» | 4:32 |
3. | «Send Me Your Pillow» | 4:48 |
4. | «Sittin' Here Thinkin'» | 4:07 |
5. | «Meet Me in the Bottom» | 3:34 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
6. | «Alimonia Blues» | 4:31 |
7. | «Drifter» (Charles Brown, Johnny Moore's Three Blazers, Eddie Williams) | 4:57 |
8. | «You Talk Too Much» | 3:16 |
9. | «Burning Hell» (John Lee Hooker, Bernard Besman) | 5:28 |
10. | «Bottle Up and Go» | 2:27 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
11. | «The World Today» | 7:47 |
12. | «I Got My Eyes on You» | 4:26 |
13. | «Whiskey and Wimmen'» | 4:37 |
14. | «Just You and Me» | 7:42 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
15. | «Let's Make It» | 4:06 |
16. | «Peavine» | 5:07 |
17. | «Boogie Chillen No. 2» (John Lee Hooker, Bernard Besman) | 11:33 |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Hooker 'n Heat, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.