Hongkong (Xiānggǎng eller Heunggong) er ein spesiell administrativ region sør i Fastlands-Kina, omkrinsa av provinsen Guangdong.
Hongkong ligg på ei halvøy kalla «dei nye territoria» og på øya Hong Kong. Hongkong har om lag 6,8 millionar ibuarar. Bruttonasjonalproduktet i regionen er på over 200 milliardar US-dollar, noko som gjer Hongkong til ein viktig del av verdsøkonomien.
Hongkong sitt flagg | Hongkong sitt emblem |
Status | Spesiell administrativ region i Folkerepublikken Kina |
---|---|
Chief executive | Carrie Lam |
Hovudstad | Hongkong |
Offisielt språk | Engelsk, kinesisk (kantonesisk) |
Areal - % vatn | 1104 km² 4,6 % |
Folketal - totalt | ca. 7 041 000 (2005) |
Verdsdel | Asia |
Internet-domene | .hk |
Tidssone | UTC +8 |
Internasjonal telefonkode | +852 |
Nasjonalsong | 'Marsjen til dei frivillige' (義勇軍進行曲) |
Under den første opiumskrigen i 1841 okkuperte britane øya, og Kina oppgav ho året etter. Ho vart deretter ein britisk koloni og eit viktig handelssentrum. Under den andre opiumskrigen fekk britane kontroll over hele Kowloon. I 1898 fekk britane ei leigeavtale for dei nye territoria for 99 år. Etter at kommunistane tok makta, kom ein million flyktningar til Hongkong, som voks og vart ein viktig industriby i verda. Folkerepublikken Kina vegra seg mot å krevje området attende, men Folkerepublikken Kina og Storbritannia vart i 1997 samde om at heile Hong Kong-området skulle overtakast av Folkerepublikken, og bli ein spesiell administrativ region. Den 1. juli overtok Folkerepublikken suvereniteten, men avtala slo fast at Hong Kong fekk rett til å halde fram med kapitalistisk økonomi og demokratisk styre i minst 50 år. Regjeringa i Beijing har i ettertid likevel forsøkt å vedta lover som reduserer Hong Kongs sjølvstyre, noko som har ført til massive protestar og demonstrasjonar.
Universitet er mellom anna Hongkongs polytekniske universitet (også kalla PolyU), Lingnan-universitetet, The Education University of Hong Kong og Chinese University of Hong Kong.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Hongkong, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.