Honey Don't

«Blue Suede Shoes»

Honey Don't
av Carl Perkins
A-side

Språk engelsk
Utgjeve 1. januar 1956
Innspelt 1955. desember Sun Studio, Memphis, Tennessee
Sjanger Rockabilly
Lengd 2:53
Selskap Sun
Komponist Carl Perkins
Tekstforfattar Carl Perkins
Låtskrivar(ar) Carl Perkins
Produsent Sam Phillips

«Honey Don't» er ein song skriven av Carl Perkins, opphavleg gjeven ut 1. januar 1956 som B-sida til singelen «Blue Suede Shoes». Begge songane vart rockabillyklassikarar. Songen er blitt spelt av mange andre artistar, som The Beatles, Ronnie Hawkins og Johnny Rivers. Songen er blitt nytta i filmane Prince of Tides, Diner og Perfect Sisters.

The Beatles-versjonen

Honey Don't
Song av The Beatles
frå albumet Beatles for Sale
Utgjeve 4. desember 1964 (mono og stereo)
Innspelt 26. oktober 1964, EMI Studios, London
Sjanger Rockabilly
Lengd 2:55
Selskap Parlophone
Komponist Carl Perkins
Tekstforfattar Carl Perkins
Låtskrivar(ar) Carl Perkins
Produsent George Martin

The Beatles spelte inn sin versjon den 26. oktober 1964 som ein av dei siste songane for Beatles for Sale. Dette albumet kom ut i Storbritannia den 4. desember 1964. Den nordamerikanske utgjevinga var 15. desember på Beatles '65.

Sjølv om John Lennon tidlegare hadde sunge songen på konsertar, fekk Ringo Starr syngje songen på albumet. I songen snakkar han til Harrison før eit av gitarriffa: «Rock on George, one time for me!» og så «Rock on, George, for Ringo one time!» The Monkees refererte seinare til denne kommentaren før soloen på songen deira «No Time» frå 1967 på album Headquarters.

The Beatles framførte songen to gonger for BBC på radioprogramma From Us to You og Top Gear. Ein versjon sungen av Lennon finst på Live at the BBC. og ein versjon sungen av Starr finst på On Air – Live at the BBC Volume 2.

Ringo Starr framførte songen på konsertane sine, og som ei hyllest til George Harrison under Concert for George i Royal Albert Hall i London i 2002.

Medverkande

    Personell per Ian MacDonald

Andre versjonar

  • Johnzo West spelte inn songen i 2014 for filmen Perfect Sisters.
  • Ronnie Hawkins på Mr. Dynamo, 1960.
  • Billy «Crash» Craddock spelte inn songen i 1986 på albumet hans Crash Craddock.
  • Ringo Starr & His All-Starr Band, 1989, Ringo Starr and His All-Starr Band konsertalbum frå 1990, og turnear i 1995, 2003, 2006 og 2010-2011.
  • Johnny Rivers spelte inn songen på albumet sitt Memphis Sun Recordings, frå 1991.
  • Gene Summers på ein konsert filma og send av Warner Amex Television i 1983.
  • Ben Folds Five på samlinga Vault Volume II (1998-2003).
  • Raul Seixas spelte inn songen i 1975 på albumet hans Novo Aeon.
  • T. Rex med Marc Bolan spelte inn songen in 1971 og han kom ut som bonusspor på Electric Warrior i 1997.
  • Wanda Jackson spelte inn songen i 1964 på albumet hennar Two Sides of Wanda Jackson.
  • John Lennon spelte inn songen i 1970-åra og denne kom ut i 2010 på John Lennon Signature Box.
  • Lee Rocker i 2012 på albumet Night Train to Memphis.
  • Homer and the Dont's på albumet Shindig i 1965, som «Homer Don't».
  • Shakin' Stevens and The Sunsets, CBS-singel, I'm No J.D. album, 1971
  • Glen Glenn and The Maddox Brothers på Squeakin' Deacon Show i 1957.
  • Vince Taylor spelte inn songen i 1965.
  • Rhythm and Blues, Inc. gav ut songen i 1964 som ei B-side.
  • Tyrone Schmidling gav ut songen på singel i 1958 på Andex.
  • George Harrison framførte songen på scenen i 1987 med The Silver Wilburys i Palomino Club i Hollywood og med Carl Perkins i 1988.
  • Paul McCartney hra framført songen på lydsjekktar til On the Run-turneen sin i 2011.
  • Eugene Chadbourne, There'll Be No Tears Tonight, 1980.
  • Memphis Rockabilly, Boston Does The Beatles, 1988
  • Skitzo, Terminal Damage, 1988
  • Blinkit i 2000 på albumet Rock Billy Boogie!
  • Johnny Devlin på albumet How Would Ya Be.
  • Mac Curtis i 1970 på singel.
  • Elvis Costello framførte songen med Ricky Skaggs, Brian Setzer og Marty Stuart i 1997 for eit TV-program.
  • Joe Walsh med Steve Earle for filmen The Beverly Hillbillies, 1993

Kjelder

Tags:

Honey Don't The Beatles-versjonenHoney Don't Andre versjonarHoney Don't KjelderHoney Don'tBlue Suede Shoes

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

HalloInkarikets fallWayback MachineGranAskMoteDet første krosstogetFascismeManuel Isidoro BelzuNasjonaldyrAleksander den storeVendlandKjemiStrilamålSpeidarrørslaIvan KramskojBrigitRimNederlandNato-alfabetetKjerringa med stavenNitrogenWiki CommonsInformasjonskapselAmarantfamilienGammeRaudekrossenValerij ZaluzjnyjKattBill ChamplinBoge i arkitekturen2016Tromsø kommuneCotopaxiMLonely and BlueGeorg III av StorbritanniaCelina MidelfartFrankararTriasDrivhusgassRichie FaulknerGarri KasparovDickey BettsEFreaks of Nature av KansasKaspihavetHumphrey BogartPave Johannes Paul ITwitterThomas JeffersonAstrid LindgrenFilmen Land og fridomFinlandGitarforsterkarAleksandr RagulinNeville ChamberlainDet tredje riketElisabeth TerlandAndreas BlochThe Power to BelieveKanye WestHenry LawsonØystein SundeTrond Fausa AurvågEmma WatsonSennesvikAlpin tundraMenneskeSigma🡆 More