Hochfilzen er ein kommune i Pillersee-dalen i forbundslandet Tirol i Austerrike.
Kommunen er den aller austlegaste i distriktet Kitzbühel og i Nord-Tirol, den grensar i aust mot forbundslandet Salzburg. Hochfilzen har eit landareal på 32,7 km² og vel 1100 ibuarar.
Næringslivet er prega av magnesitt, som både vert utvunne og tilverka i kommunen. Elles er Hochfilzen kjend som ein snørik vintersportsstad, med vekt på langrenn og skiskyting. Verdsmeisterskapen i skiskyting har vorte arrangert i Hochfilzen i 1978, 1998 og 2005.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Hochfilzen, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.