søking

Du kan søka i sidene på Wikipedia ved å nytta søkeboksen til venstre på sida, under hovudmenyen.

Under søkjeboksen er det to radioknappar, Vis og Søk. Vis-knappen tek deg rett til artikkelen med oppslagsordet du skriv inn i søkefeltet (om han finst), mens Søk-knappen viser alle sidene som inneheld oppslagsordet eller -orda du skreiv inn. Viss du veit kor du skal går det altså fortare å trykka Vis. Søk i Wikipedia tek ikkje omsyn til store eller små bokstavar.

Søkeboksen kan òg nyttast til å opprette nye artiklar. Skriv inn namnet på artikkelen du vil opprette, og trykk på Vis. Det kjem opp eit vindauge som gjev deg høve til å lage ein artikkel med det namnet du har skrive inn.

Spørrespråk

Den indre søkemotor til Wikipedia er Lucene, som har eit omfattande spørrespråk. Dette kan brukast til å setta opp komplekse søk for å finne omgrep som ikkje er dekka av enkeltord.

Ein kan dela søkeuttrykk i enkeltord, og sammansette frasar, som blir ramma inn meddoble hermeteikn ("). Døme:

vev ekte vev "ekte vev" 

Første søket er på et enkeltord, det neste er på to enkeltord som begge skal finnast i teksten, og det siste er ein frase der begge søkeorda skal finnast i ein oppgjeven rekkefølge rett etter kvarandre.

Ein kan også retta søket mot spesielle felt, som title:

title:kyrkje title:"urnes stavkyrkje" 

Modifikatorar

Det finst nokre modifikatorar som endrar korleis søkemotoren tolkar søkestrengen.

Wildcard-søk

Enkeltbokstavar og delar av ord kan erstattast med ? eller * for å markera at desse delane er ukjente og at fleire enn eitt ord kan gje treff.

vev? vev* 

Det første søket vil finna «vev» med opptil ein bokstav etter, til dømes «veva». Det siste vil finna alt som byrjer med «vev». Ein kan også setta slike wildcard inni søkeord, men ikkje i byrjinga.

vev*d 

Boolske operatorar

Boolske operatorar blir brukt for å kombinera søketermar med logiske operasjonar. Operatorene ein kan bruka er AND «&&», «+», OR «||», NOT «!» og «-». Ein må bruka store bokstavar om ein skriv namnet på operatoren.

OR eller ||

Den boolske operatoren OR er standardoperatoren, slik at Lucene går ut frå at det skal stå OR mellom søketermar om ein ikkje skriv noko anna.

kyrkje OR kapell kyrkje || kapell kyrkje kapell 

AND eller &&

Den boolske operatoren AND gjer at begge termer må finnast for at det skal listast eit treff.

kyrkje AND Grosch kyrkje && Grosch 

+

Plussoperatoren tek med dokument som inneheld termen som kjem etter operatoren.

kyrkje +mellomalderen 

NOT eller !

Denne operatoren tar resultatet av det venstre uttrykket og fjernar det som er i det høgre uttrykket.

kyrkje NOT Grosch kyrkje ! Grosch 

-

Minusoperatoren eller forbudsoperatoren tek ikkje med dokument som inneheld termen som kjem etter operatoren.

kyrkje -mellomalderen 

Gruppering

Søk i Lucene bruker parentesen både for å gruppera enkeltspørringer og for å gruppera spørringar på eit enkelt felt.

    Parentesar og boolsk spørring

(kyrkje* OR kapell*) AND Luster

Søket finn artiklar som inneheld «Luster» og «kyrkje» eller «kapell».

    Parentesar og feltoperatoren

Parenteser kan også kombinerast med feltoperatoren. Då vil søket innen parentesen gjelda for det angitte feltet

title:(Vang kyrkje) 

Oppdatering av søkemotoren

Det kan ta tid før indeksen til søkemotoren blir oppdatert. Du kan derfor ikkje rekna med å finna ein artikkel som nyleg er skriven gjennom søk.

Se også

Bakgrunnsstoff


Tags:

søking Spørrespråksøking Oppdatering av søkemotorensøking Se ogsåsøking Bakgrunnsstoffsøking

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Mull of Kintyre av WingsFilmserien Harry PotterThe Concert in Central ParkNils GaupISBNBjörn SkifsKristian ØdegårdA Deepness In the SkyKarl DönitzMusikkgruppa GåteKjersti GriniGrodagenMogopZagóriMSlovenskPrositFyrst VoldemortGammalkyrkjeslaviskLundefuglLagerthaJean-Claude JunckerFilmjølkGiroMaktaEli Kari GjengedalWikimediaFrankrikeVitamin KThe GuidesPeter ŠťastnýTempest av Bob DylanFrits ThaulowJaroslav SakalaKristopher SchauTuvinskNederlandskLemmingSudokuBrexitDen gamle verdaFA-cupfinalen i fotball 2001Hellerman RocksBloggByar i HellasAli Baba og dei førti røvaraneBorgarskapMargidoLagnadKillingBruno CoutinhoHenning SolbergLjubim te pesmamaLinn UllmannKronografStein EriksenReal Life av Simple MindsPadling under Sommar-OL 2012HavørnNasjonale minoritetar i NoregSteve PorcaroMímir KristjánssonSkandinaviaBook of KellsGrønlandDave TorbertMontserrat i SpaniaHans VinjarengenJulepyramideThe Weavers216 KleopatraXboxKarriGitarforsterkarGullElbaÅkerbærHank Locklin🡆 More