Om du har laga ein artikkel under feil tittel (t.d.
lagra den under forkortinga i staden for heile namnet eller feilstavingar) finnes det ein funksjon for å flytte artikkelen til det rette namnet.
Merk at du må vere pålogga for å kunne flytte ei side.
Finn fram den artikkelen du ynskjer å flytte og trykk på "Flytt" heilt øvst på sida. Her vert du spurt om den nye tittelen og om du ynskjer å flytte med diskusjonssida (det bør du oftast gjere). Når du trykker på knappen "Flytt side" no vert artikkelen flytta til den nye sida og den gamle sida vert omdirigert til den nye (mao. vil folk som vitjar den gamle artikkeladressa verte sende til den nye som du nett har oppretta under flyttinga).
Det som er so flott med flyttefunksjonen er at den flyttar heile artikkelen, med redigeringslogg og diskusjonsside, so ein ikkje tapar noko av den informasjonen som gjer Wikipedia til det det er. Det er med andre ord ynskjeleg at ein so ofte som mogeleg nyttar seg av flyttefunksjonen, heller enn å klippe ut teksten og lime den inn på den nye sida, då redigeringsloggen er ein viktig del av Wiki Nynorsk. Om du ikkje nyttar deg av flyttefunksjonen er det fint om du kommenterar m.a. kvifor på diskusjonssida.
Om det allereie er noko på den nye sida vil du få beskjed om det. Om du tykkjer innhaldet på den sida bør slettast kan du skrive inn sida i lista over sider som bør slettast.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Hjelp:Flytta ei side, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.