Hirtshals er ein by i Vendsyssel i Danmark.
I 2018 hadde byen 5 857 innbyggjarar. Han var senter i Hirtshals kommune fram til den danske kommunalreforma i 2007, då Hirtshals kommune blei del av Hjørring kommune.
Hirtshals | |||
Byen sett frå Hirtshals fyr. | |||
Land | Danmark | ||
---|---|---|---|
Region | Region Nordjylland | ||
Kommune | Hjørring kommune | ||
Areal | 929,58 km² | ||
Folketal | 5 857 (Hirtshals by) | ||
Tidssone | CET | ||
Hirtshals 57°35′N 9°58′E / 57.59°N 9.96°E | |||
Wiki Commons: Hirtshals | |||
Byen er kjend for fiske- og ferjehamna si. Han har ferjesamband med Kristiansand, Larvik, Langesund, Stavanger og Bergen i Noreg. I tillegg går det ferje frå Hirtshals til Tórshavn på Færøyane og Seyðisfjördur på Island. Hirtshals hamn blei utbygd i 1919–1931 og sterkt utvida i 1966. Ho er den nest største fiskehamna i Danmark etter omsett mengd, berre overgått av Esbjerg på sørvestkysten av Jylland.
Det går motorveg frå byen direkte til Aalborg og vidare til Tyskland.
Nordsøakvariet i Hirtshals er eit av dei fremste saltvassakvaria i Norden, og tek særleg for seg livet i Nordsjøen. Akvariet er tilknytt Nordsømuseet. Sommarturismen knytt til museet og ferjetrafikken er betydeleg.
Nær Hirtshals fyr ligg Bunkermuseet Hirtshals. 10. batteri er det einaste utgrovne, komplette tyske forsvarsanlegget frå andre verdskrigen i Danmark som er ope for publikum.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Hirtshals, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.