Himmelkvelving eller himmelkule er innan astronomi og navigasjon ei tenkt roterande sfære med ein enorm radius med sentrum i auga til observatøren eller midtpunktet i jorda eller sola.
På jorda er himmelkula konsentrisk og koaksial og med jorda som sentrum. Alle himmellekamar kan sjåast som plassert på denne sfæren. Projisering på himmelkvelvinga er eit nyttig verktøy innan navigasjon. Dersom ein kjenner posisjonen til ein himmellekam på himmelkula (vha. nautiske almanakkar) og deretter bestemmer stillinga til himmellekamen i høve til horisonten (vha. ein sekstant), kan ein rekna ut posisjonen til observatøren på jorda. Dette er grunntanken i astronomisk navigasjon.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. (2021) |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Himmelkvelving, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.