Hetebølgje

Ei hetebølgje er ein lengre periode med særs varmt vêr, ofte i samband med høg luftfukt.

Det er ingen universelle definsjonar på ei hetebølgje, og definsjonane varierer frå område til område. Temperaturar som folk frå varme klima reknar som normale, kan reknast som ei hetebølgje i eit normalt kjøligare område. Uttrykket vert brukt både om vanlege vêrvariasjonar, og om heilt spesielle varmeperiodar som kanskje berre skjer ein gong kvart hundre år. Alvorlege hetebølgjer har ført til katastrofal avvlingssvikt, tusenvis har omkomme av hypertermi, og store område har fått straumbrot på grunn av auka bruk av luftkondisjonering. Enkelte meiner at nokre av hetebølgjene oppstår som følgje av global oppvarming.

Hetebølgje
Temperaturavviket frå normalen under ei hetebølgje i Europa i 2003

Hetebølgjer oppstår ofte under hundedagane om sommaren. Det franske ordet for hetebølgje er til og med canicule, som kjem av det italienske ordet canicula, som tyder «lita tispe». Enkelte område på Jorda har oftare hetebølgjer enn andre, slik som område med Middelhavsklima.

Verknad

Helse

Alvorlege hetebølgjer kan føre til hypertermi, òg kjend som heteslag. Eldre folk, små born, og dei som er sjuke eller overvektige har høgare risiko for å ta skade av varme. I mange område er hetebølgjer kanskje det mest dødlege vêrfenomenet. Mellom 1992 og 2001 omkom det t.d. 2190 personar i USA av heteslag, samanlikna med 880 frå flaum og 150 frå orkanar. Eit offentleg tiltak under hetebølgjer er å opprette spesielle offentlege bygningar som er luftkondisjonert.

Stundom har ein faktisk observert at dei normale dødstala i eit område etter ei hetebølgje har gått ned, og ein meiner at årsaka til dette er at personar som er så sjuke at «dei ville omkomme dei neste vekene likevel» stryk med i hetebølgja. Sidan hetebølgja «reinskar opp» fører det til færre dødsfall i tida etterpå.

Straumbrot

Hetebølgjer fører som regel til auka bruk av luftkondisjonering, der dette er vanleg, og dette medfører så auka straumforbruk. Dette kan stundom føre til alvorlege straumbrot, som skapar ein enno meir alvorleg situasjon og auka varme innomhus.

Skogbrannar

Om hetebølgja oppstår under ein tørke, som tørkar opp vegetasjonen, kan dette medverke til skogbrannfaren. Under den alvorlege hetebølgja i Europa i 2003, vart Portugal råka av skogbrannar som øydela 3010 km² skog og 440 km² jordbruksland, og gjorde skadar for om lag €1 milliard.

Sjå òg

Tags:

Hetebølgje VerknadHetebølgje Sjå ògHetebølgjeFuktGlobal oppvarmingKlimaTemperaturVêr

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

AlaskaFasanÅttringRenaultUndergrunnsbanen i LondonWalesTropisk syklonVallaheianeMusculus deltoideusKonglebitVM i skiskyting 2020SkottlandOrientråkeBiologisk familieMolde kommunePrince Edward IslandPotemkins kulisserHovudtelefonHerjedalenVärmlandNato-alfabetetAnders Kristiansen (1990- )Sigurd NesdalPåskeøyaBodø kommuneBrad PittPotsdam1662Knut Marius DjupvikDatamaskinNamnedagAlderspensjon27-årsklubbenRundeskattenKåre Magnus Bergh14. septemberFilmserien Harry PotterRayleeMeisterklasseWe Can't DancePåskeeggMediaWikiÄlvdalenInger Helene NybråtenPablo NerudaMalleSverigeBuddhismen1974AustraliaMaskorama (sesong 4)GoogolSkjørbuksurtAbelkonkurransenWikiDet norske alfabetetRussararMosambikMagnus CarlsenNihilismeNatriumhydroksidToscakakeÄlvdalens kommunHovudsideInnsjøar i SverigeKleopatraHiroki ArataniErna SolbergKirgisistanEinar TambarskjelveLohengrin sjokoladeSteve StevensGabriel🡆 More