Hermann eller Herman er mannsnamn og kan koma frå tysk, samansett av hær og mann.
Herman har i nyare tid vorte brukt som ei latinisering av det greske namnet Γερμανός (Germanós) eller av dei slaviske variantane Герман/Херман (German/Herman).
Hermann har namnedag den 29. januar eller 20. oktober i Noreg. Ifylgje den ortodokse kalenderen vert Herman feira den 13. desember.
Namnet har vore bruka som førenamn sidan 1400-talet, men bruken av namnet har gått attende inntil det dei aller siste åra har stige kraftig i popularitet. Ved folketeljinga i 1801 var det 509 personar som heitte Herman(n/d), ved folketeljinga i 1900 var det 4550 som hadde dette namnet.
Per 26. januar 2022 var det 4930 som hadde Herman til førenamn, og 532 som hadde Hermann til førenamn.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Hermann, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.