Hemimetaboli eller ufullstendig forvandling er ein av dei tre ulike livssyklusane ein finn hjå insekt.
Dyr med denne forma for utvikling vert kalla hemimetabole.
Eit hemimetabolsk insekt har tre livsstadium; egg, nymfe og imago eller vaksent insekt. Nymfestadiet skil seg frå det vaksne ved at individet då mellom anna manglar kjønnsorgan og vengjer.
Døme på hemimetabole insekt omfattar m.a. nebbmunnar, øyenstikkarar, døgnfluger, saksedyr, kakerlakkar, rettvenger, termittar og steinfluger.
Hemimetaboli står i motsetnad til holometaboli og ametaboli.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Hemimetaboli, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.