Hans Agerbek

Hans Agerbek (1.

februar 1798–13. september 1869) var ein dansk salmeforfattar og sokneprest frå Øster Hæsinge på Fyn.

Hans Agerbek
Statsborgarskap Danmark
Fødd 1. februar 1798
Død

13. september 1869 (71 år)

Yrke prest, salmediktar

Agerbek var fødd i Skydebjerg prestegard på Fyn. Han blei tidleg foreldrelaus, og budde hjå ein slektning i Øster Hæsinge prestegard. Han gjekk på skule i København, og byrja studera teologi i 1816. Ei tid verka han som huslærar i Gamtofte. I 1822 gjekk han ut som teologisk kandidat, og året etter blei han kapellan for provsten i Vemmelev. I 1827 gifta han seg med godseigardottera Marie Frisenberg, og fekk stillinga som residerande kapellan i Thisted og sokneprest i Skinnerup. Derette følgde stillingar som sokneprest i Bredstrup og Espe og Vantinge på Fyn før han i 1841 vende tilbake til fødesoknet sitt Øster Hæsinge, der han var sokneprest og budde til han han døydde i 1869.

Han er representert i den danske Psalmebog for Kirke og Hjem med salme nr. 516 «Uforsagt, vaer paa Vagt». Denne er omsett til «Våga dig Dristelig» på svensk. som blir sungen til melodien til salmen «Stilla natt» (Glade jul). Denne salmen var med i tillegget til Roskilde Konvents Psalmebog 1873 og 1890. Salmen kan ha ulike melodiar. Agerbek skreiv òg eit vers i den danske salmen nr. 427 (opphavleg ein del av den føre salmen), som er kjend under namnet «Klokken slår, tiden går»:

Klokken slaar
Tiden gaar,
Evigheden os forestaar;
Lad os da bruge den kostbare Tid,
Tjene vor Herre med al vor Flid,
Saa skal vi nok komme hjem!

Salmar

  • Uforsagt, vær på vagt! dikta i 1848. Kvart vers frå 1 til 5 byrjar med same utsegn: «Uforsagt, vær på vagt! Jesus haver det alt fuldbragt.» Det siste, sjette, verset finst omrsett til svensk som «Klockan slår, tiden går». Det blir sunge til ein melodi komponert av Oluf Ring. Salmen «Våga dig Dristelig» er også blitt tilskriven Agerbek, men truleg på feilaktig grunnlag.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tags:

1. februar13. september17981869DanmarkFynSalmeSokneprest

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

AkslaVictoria av StorbritanniaLuganoNile RodgersJacob Tullin ThamsTutankhamon2019KirunaFader vår20. aprilHalloImperialismeBroccoliniVerktøyet filDen europeiske unionenStyresettTrond Fausa AurvågGiroMidsommarKanye WestJerry Leiber og Mike StollerTrymskvidaNasjonaldrikkAlaskaFrankararKopparNazistKvikksølvVM i friidrett 2019BjørkefinkJødedommenJohn P. HammondAndrej KrautsjankaCate BlanchettSamleieJerry DouglasTrepunktsopphengAlpin tundraDen amerikanske sjølvstenderesolusjonenMagnetisk feltstyrkeJordas dagDronninga av SabaGeorg III av StorbritanniaNihilismeEstragonBon Iver, Bon IverKumøkkVan der VeenstraumenNitrogenLysGranMoteTarjei VesaasThomas JeffersonSymbolMenneskeSpeidarrørslaPogóniWayback MachineMarie CurieValutaHar SedomGunnhild SundliWikipediaGassKjønnshårNynorskNasjonaldagFredrik SolvangFinlandHøgaste fjell i EuropaHistorisk oversyn over kommunar i HordalandProduksjonSiderPaparoa nasjonalparkMorfinParadise and Lunch🡆 More