Halsbetennelse

Halsbetennelse eller tonsillitt er ein betennelse i mandlane som følgje av virus- eller bakterieinfeksjon.

Vanlege symptom er sår hals og feber. Når det skuldast bakteriar frå gruppe A-streptokokkar blir det vanlegvis kalla streptokokkhalsinfeksjon. Fleirtalet av dei som får infeksjonen blir heilt friske, med eller utan lækjemiddel. 40 % av tilfella løysar seg i laupet av tre dagar, og 85 % i laupet av sju dagar, uavhengig av om streptokokkar er til stades.

Halsbetennelse
Ein halskultur som testa positivt for streptokokkhalsinfeksjon. Ein kan sjå det tonsillære eksudatet, som er oppsamlingar av puss.
Halsbetennelse
Illustrasjon som samanliknar anatomien av normale mandlar (venstre) med halsbetennelse (høgre)

Symptom og sjukdomsteikn

Vanleg symptom og sjukdomsteikn er:

Mindre vanlege symptom er:

  • kvalme
  • utmatting
  • magesmerte
  • oppkast
  • hårete tunge
  • dårleg ande (halitose)
  • stemmeendringar
  • vanskar med å opne munnen (kjevesperre)
  • tap av appetitt (anoreksi)
  • angst eller frykt for å svelgje

Ved akutt halsbetennelse er overflata av mandlane ofte raude og dekt med synlege områder av kvitt eller gult puss.

Tonsillolittar (mandelstein) oppstår i oppmot 10 % av folkesetnaden som følgje av halsbetennelse.

Årsaker

Den vanlegaste årsaka til halsbetennelse er virusinfeksjon frå adenovirus, rhinovirus, influensavirus, coronavirus eller respiratorisk syncytialt virus. Halsbetennelse kan òg valdast av Epstein-Barr-virus, herpes simplexvirus, cytomegalovirus eller HIV. Den nest vanlegaste årsaka er bakterieinfeksjon frå betahemolytiske gruppe A-streptokokkar (sjå streptokokk gruppe A-infeksjon), som fører til streptokokkhalsbetennelse. Mindre vanlege bakteriar er Staphylococcus aureus (medrekna meticillinresistent Staphylococcus aureus, MRSA), Streptococcus pneumoniae, Mycoplasma pneumoniae, Chlamydia pneumoniae, Bordatella pertussis, Fusobacterium sp., Corynebacterium diphteriae, Treponema pallidum og Neisseria gonorrhoeae.

Anaerobe bakteriar har vore innblanda i halsbetennelse og har vist seg å truleg spele ei rolle i den akutte betennelsesresponsen.

Når virus og bakteriar kjem inn gjennom nasa og munnen blir dei vanlegvis filtrerte av mandlane. Inni mandlane finst det kvite blodlekamar som øydelegger virus og bakteriar ved å sleppe ut inflammatoriske cytokinar som til dømes fosfolipase A2, som òg fører til feber. Infeksjonen kan òg vere til stades i strupen og kringliggjande område og føre til betennelse i svelget.

Sjeldan kan halsbetennelsen skuldast infeksjon frå bakteriane spirochaeta og treponema, og blir då kalla Vincents angina.

Diagnose

Diagnosen av streptokokk gruppe A-infeksjon kan stadfestast med halskultur eller ved å stryke vattpinnar over begge tonsillane og den bakre svelgveggen for å dyrke på blodagar. Isolasjonsraten kan aukast ved å inkubere kulturen under anaerobe forhold ved å bruke selektive kulturmedium. Halskultur har ein sensitivitet på 90—95 % for å avdekke streptokokk gruppe A-infeksjon (som tydar at infeksjonen faktisk er til stades ved 5—10 % av høva der kulturen testar negativt). Denne marginen er ein naturleg del av prøven, men kan òg oppstå viss pasienten har fått antibiotika på førehand. Stadfestinga tek om lag 24—48 timar ved kultur, men det finst òg snøggare screeningprøvar (10—60 minutt) med sensitivitet på 80—90 %. Eldre antigenprøvar reagerar på karbohydrat på celleoverflata (Lancefield). Nyare prøvar identifiserar serotypar ved å bruke nukleinsyreprober eller polymerasekjedereaksjon. Det kan vere naudsynleg med bakteriekultur ved negativ RADT.

Skilnaden mellom streptokokk gruppe A-infeksjon og kolonisering er definert ved nærværet av >10 streptokokk-koloniar per blodagarplate. Denne metoden er likevel problematisk på grunn av overlappinga mellom kroniske berarar og infiserte pasientar. Ei auking av antistreptolysin O-antistofftiter ved 3—6 veker etter akutt infeksjon kan gje retrospektivt prov for streptokokk gruppe A-infeksjon og er rekna som definitivt prov for infeksjon.

Auka utskilling av fosfolipase A2 og endring i feittsyremetabolisme hjå pasientar med halsbetennelse kan ha diagnostisk signifikans.

Behandling

Behandlingar for å minske ubehaget ved halsbetennelse er:

  • smertlindrande, antiinflammatoriske, febernedsetjande lækjemiddel (paracetamol og/eller ibuprofen)
  • lindring av sår hals kan gjerast ved å gurgle varmt saltvatn, ete pastillar, gurgle aspiring oppløyst i vatn (aspirin er antiinflammatorisk og må ikkje takast i kombinasjon med andre antiinflammatoriske lækjemiddel)

Viss halsbetennelsen skuldast gruppe A-streptokokkar kan antibiotika som til dømes penicillin eller amoksicillin vere til hjelp. Cefalosporinar og makrolidar er gode alternativ til penicillin i akutte høve. Makrolidar som til dømes erytromycin kan brukast hjå dei med penicillinallergi. Personar som ikkje svarar på penicillinbehandling kan svare på behandlingar mot betalaktamaseproduserande bakteriar, til dømes klindamycin eller amoksicillin-klavulanat. Aerobe og anaerobe betalaktamaseproduserande bakteriar i dei tonsillære veva kan verne gruppe A-streptokokkar mot penicillin. Ved virusinfeksjon er sjukdomsperioden avhengig av viruset. Dei fleste blir friske i laupet av éi veke, men symptoma kan stå ved lag i opptil to veker. Kronisk halsbetennelse kan behandlast med tonsillektomi (kirurgisk fjerning av mandlane). Forsking har likevel vist at det er minimale fordelar ved tonsillektomi hjå barn med kronisk halsbetennelse.

Prognose

Sidan innkomsten av penicillin i 1940-åra har behandlinga av streptokokkhalsbetennelsar blitt monaleg betre. Eit viktig aspekt er minskinga av komplikasjonar, i hovudsak revmatisk feber og effektane den har på nervesystemet (Sydenhams korea) og hjarta. Forsking tydar på at revmatogene stammer av betahemolytiske gruppe A-streptokokkar er mykje mindre utbreidd enn tidlegare. Dette tek fram spørsmål ved rasjonalet for behandlinga av halsbetennelse som eit profylaktisk tiltak mot revmatisk feber.

Sjeldne komplikasjonar er dehydrering og nyresvikt som følgje av svelgjevanskar, blokkerte luftvegar som følgje av betennelse og faryngitt som følgje av infeksjonsspreiing.

Abscess kan førekome attmed mandelen ved infeksjon, og oppstår vanlegvis fleire dagar etter at halsbetennelsen byrja. Dette blir kalla ein peritonsillær abscess. I sjeldne tilfelle kan infeksjonen spreie seg forbi mandlane og føre til betennelse og infeksjon i den indre halsvena, som fører til spreiing av septikemisk infeksjon (Lemierres syndrom).

I kroniske og residiverande tilfelle (generelt definert som sju episodar i det komande året, fem episodar i kvart av dei to neste åra eller tre episodar i kvart av dei neste tre åra), eller i akutte tilfelle der mandlane blir så hovne at dei forstyrrar svelging, kan ein vurdere tonsillektomi for å fjerne mandlane. Pasientar som har fjerna mandlane er fortsatt godt beskytta av resten av immunsystemet.

Ved streptokokkhalsinfeksjon kan det i sjeldne tilfelle oppstå revmatisk feber eller glomerulonefritt. Desse komplikasjonane er ekstremt sjeldne i industriland, men er eit stort problem i utviklingsland. Ubehandla halsbetennelse med streptokokkar kan moglegvis føre til PANDAS.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Halsbetennelse  Commons har multimedium som gjeld: Halsbetennelse

Tags:

Halsbetennelse Symptom og sjukdomsteiknHalsbetennelse ÅrsakerHalsbetennelse DiagnoseHalsbetennelse BehandlingHalsbetennelse PrognoseHalsbetennelse KjelderHalsbetennelse BakgrunnsstoffHalsbetennelseBetennelseFeberStreptococcus pyogenesStreptokokkarStreptokokkhalsinfeksjonSår halsTonsill

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

VM i alpine greiner 2019LuftfartøyNeville ChamberlainApplausAlbert GleizesFinskForelskingSilje NordnesVM i friidrett 2019BieThe Big Bang TheoryVåren av Aasmund Olavsson VinjeSennesvikGrønlandPeter F. WolfHarald V av NoregScrabbleJens StoltenbergLysTriasTromsø kommuneVinter-OL 1988KoboltTarasåsenAdolf HitlerXanthippeJaroslav SoukupNyttårTuonelaTutankhamonDickey BettsSionistNasjonale minoritetar i NoregValutaKónitsaSola kommuneTEMPESTPedro I av BrasilCelina MidelfartFriksjonMikal KirkholtNasjonalrettDet britiske imperietTorremolinosLinerleOrellanaprovinsenA4TyrkiaBærum SportsklubbEdderkoppdyrGraham NashIltalehti11. februarKvintakkordBodhisattvaKirunaStøytionisasjonHarry PotterMøreCharcot CoveRussisk litteraturURLSørøya i FinnmarkMaud av NoregNorske bilandOuverture i fransk stilHovudsideStoffskiftePiknikkorgYggdrasilHumlerJordaIslandske nasjonaldrakterDu FuGranMargrethe II av Danmark🡆 More