Hallstein Bøgseth (fødd 8.
juli">8. juli 1954 i Levanger) er ein norsk lærar og tidlegare norsk kombinertrennar. Han vann VM-gull for Noreg i lagtevlinga i 1984, og tre VM-sølv i same øvinga (1982, 1985, 1987). Bøgseth vann eitt verdscuprenn og vart noregsmeister to gongar, 1981 og 1988, og vann i alt ni NM-medaljar. Han representerte Namdalseid IL i Namdal. I dag er han busett i Steinkjer og er lærar i kroppsøving.
Hallstein Bøgseth | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 8. juli 1954 (69 år) Levanger kommune |
Idrett | kombinert |
Tok del i |
Bøgseth høyrde til mellom dei beste kombinterrennarane i Noreg frå 1977 opp til 1988. Dei fyrste åra stod han mest alltid i skuggen av Tom Sandberg. Bøgseth fekk eit slags internasjonalt gjennombrot då han i 1979 vart nummer tre i Svenska skidspelen i Falun. Men det var fyrst frå 1981-sesongen han på jamnen kunne måle seg mot dei beste utøvarane i verda. Hans beste prestasjon i 1981 var ein andreplass i Lahti-spelen, der han etter 15 km i løypa var i mål 8,6 sekundar bakom Hubert Schwarz frå Vest-Tyskland.
Bøgseth deltok under vinter-OL for Noreg i 1980 i Lake Placid og vart nummer elleve, same plassering fekk han i den individuelle øvinga både i Ski-VM 1982 i Oslo og i Vinter-OL 1984 i Sarajevo. I den aller fyrste lagtevlinga i noko verdsmeisterskap, avvikla under VM i 1982, fekk han og Noreg sølvmedalje, noko han også oppnådde i 1985, og 1987. Mellom det fyrste og det andre VM-sølvet vart Bøgseth i 1984 verdsmeister i lagtevlinga, saman med Geir Andersen og Tom Sandberg.
Individuelt lukkast ikkje Bøgseth å kjempe om medaljane i dei internasjonale meisterskapane. Åttandeplassen i ski-VM 1985 i Seefeld vart hans beste individuelle plasseringa, to år seinare vart han nr 12 i verdsmeisterskapen, og i sin siste meisterskap, vinterolymiaden i Calgary]] i 1988, vart han nummer 23. i det individuelle rennet og kom på fjerdeplassen i lagtevlinga.
Bøgseth vann sin fyrste og einaste siger i verdscupen i Holmenkollen i 1986. Han vann då ein klar siger føre Hermann Weinbuch frå Vest-Tyskland, med Klaus Sulzenbacher frå Austerrike på tredjeplass.
I perioden 1977 til 1988 vart Bøgseth noregsmeister to gongar, i 1981 og noko overraskande i 1988. Ved det siste høvet viste han Torbjørn Løkken og Trond Arne Bredesen til dei andre medaljeplassane, dei to som året før hadde sikra norsk dobbeltsiger i verdsmeisterskapen. I alt vann Bøgseth desse åra ni NM-medaljar; to gull, fire sølv og tre bronsar.
Han slutta å konkurrere i kombinert på topplan i 1990.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Hallstein Bøgseth, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.