Høgtid (norr.
hátíð, frå lågtysk hochtit 'kyrkjeleg fest, bryllaup') viser til ei større feiring. Høgtider er større festdagar som kan ha eit religiøs eller anna kulturelt grunnlag. Høgtider blir ofte markerte med religiøse seremoniar, særskild mat og drikke, festar og underhaldning, og deltakarar opplever ofte ei eiga oppløfta stemning som ein kallar «høgtidsstemning».
Dei finn ofte stad årleg, gjerne i samband med korleis året går. Feiringar av nyår, midsommar, midvinter og andre hendingar knytt til årstider eller astronomiske hendingar er vanlege. Det er også minnedagar for ulike viktige hendingar, som dei kristne jul, påske og pinse, jødiske pesah og sjabu‘ót og dei muslimske id ul-fitr og id ul-adha.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Høgtid, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.