Guthrie-nummer er ei inndeling av bantuspråk brukt av bantulogar.
Soneoversyn |
---|
|
Vanlegvis blir språkfamiliar ordna genetisk i grupper slik at dei språka som har felles urspråk kjem i same gruppe. For bantuspråka har det vist seg å vere vanskeleg å setje opp ein genetisk definert indre struktur. I staden sette bantulogen Malcolm Guthrie opp eit system der han delte opp det bantuspråklege området inn i femten soner, A, B, C, D, E, F, G, H, K, L, M, N, P, R, S, kvar sone med omtrent like stor språkleg variasjon. Sonene er geografisk bestemt, slik at språk som ligg attmed kvarandre kjem i same sone. Seinare har særleg belgiske bantulogar argumentert for ein sekstande sone, J, som består av ein del språk frå sonene D og E (språka J = D40, D50, D60, E10, E20, E30). Her er ei liste over bantuspråkgrupper ordna etter Guthrie-nummer.
Sone A
| Sone B
| Sone C
|
Sone D
| Sone E
| Sone F
Sone G
|
Sone H
| Sone J
| Sone K
|
Sone L
| Sone M
| Sone N |
Sone P
| Sone R
| Sone S
|
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Guthrie-nummer, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.