Guineansk Mangrove

Guineansk mangrove er ein økoregion prega av mangrovesumper i elvar og estuar ved kysten av Vest-Afrika frå Senegal til Sierra Leone.

Guineansk mangrove
økoregion
Guineansk Mangrove
Mangrovar i Sine-Saloum-deltaet i Senegal
Land Guineansk Mangrove Gambia, Guineansk Mangrove Guinea, Guineansk Mangrove Guinea-Bissau Guineansk Mangrove Liberia, Guineansk Mangrove Senegal Guineansk Mangrove Sierra Leone
biom mangrove
Guineansk Mangrove
Wiki Commons: Guinean Mangroves Ecoregion (One Earth)
Guineansk Mangrove
Sanking av østers i Sine-Saloum-mangrovar i Senegal.

Skildring

Guineansk mangrove opptrer ved Saloum- og Casamance-deltaet i Senegal, i dei lågare delane av Gambiaelva, langs mykje av kysten til Guinea-Bissau, mellom anna ved Cacheu- og Mansoaelva, nord i Guinea og ved mykje av kysten til Sierra Leone, medrekna Sherbroelva. Mangrovane veks i flate viker og estuar der tidvatnet skyller varmt saltvatn høgt opp elvene, i denne økoregionen så langt som 100 km, til dømes i Cacheuelva i Guinea-Bissau.

Flora

Det finst ulike typar mangrovar i sona, med Rhizophora, Laguncularia racemosa og Conocarpus erectus som blir opptil 10 meter høge i større område av Rhizophora og Avicennia. Dei høgaste trea kan bli 40 meter høge, og dannar ein slags galleriskog langs vassvegane, medan mudderflatene mellom vassvegane har mykje lågare tre. Skogkantane i innlandet har gras, bregnar og saltkjære plantar. Artsmangfaldet i floraen er mindre i denne økoregionen enn i austafrikansk mangroveskog.

Fauna

Mangrovesumper inneheld viktige næringskjelder for fiskar, fuglar og andre dyr. Marine dyr er mellom anna østers og reker. Pattedyr her er mellom anna senegalmanat. Fuglar i desse våtmarkene omfattar goliathegre, purpurhegre, kuhegre, krabbehegre, strandhegre, rosenflamingo, dvergflamingo, afrikaskeistork og heilagibis. Skogane dannar også viktige habitat for trekkfuglar.

Trugsmål og vern

Mangrovehabitat er truga av hogst der ein bruker trea til tømmer eller ved, eller der ein ryddar skog for å dyrka ris på staden. Habitatet er også truga av lågare nedbørmengder i området dei siste tiåra. I Sør-Senegal er det gjort arbeid med å planta mangrovar att. Urbane område nær angrovane er hovudstadane i Gambia, Banjul, og i Guinea-Bissau, Bissau. Nasjonalparkar i området omfattar Saloum Delta nasjonalark og Basse Casamance nasjonalark i Senegal, Niumi nasjonalark i Gambia og Tarafes de Cacheu naturpark i Guinea-Bissau. Elvedeltaet til Saloum kan ein også nå frå landsbyen Foundiougne i Senegal.

Kjelder

Tags:

Guineansk Mangrove SkildringGuineansk Mangrove FloraGuineansk Mangrove FaunaGuineansk Mangrove Trugsmål og vernGuineansk Mangrove KjelderGuineansk MangroveElvEstuarMangroveSenegalSierra LeoneVest-AfrikaØkoregion

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Manuela Di CentaTangentArian EngebøRoger McGuinnTuvinskStrategispelGrønlandItaliaSosialismeMayo ClinicWayback MachineKrøllalfaPanterInnsjøar i SverigeJaroslav SoukupSpekkhoggarTeknologi330 skvadronNihilismeElektrostatisk generatorIltalehtiBloggerAntiqueKjerringa med stavenMatematikarHotel CaliforniaInformasjonsattfinningVerktøyet filUsbekistanPesahMediaWikiFilmserien Harry PotterØrnFuglarEyvind JohnsonParasittologiSkjør astmaVang kommuneMesopotamiaKjemiFranskNeville ChamberlainDen europeiske unionenEukaryotarEtanRussisk litteraturZoologiTeenage Mutant Ninja TurtlesRusslandThomas JeffersonBrenselcelleNorskFinskMozilla FirefoxMahatma GandhiWiki CommonsBroccoliniBill ChamplinH.C. AndersenTsjasiv JarFreaks of Nature av KansasSverigeInformasjonsteknologiNederlandOuverture i fransk stilCotopaxiAnatolij FirsovØBergenDet norske flaggetKopplamMusikkgruppa GåteIslamismeApplausTiticacaJerry Douglas🡆 More