Ceres

Ceres var i romersk mytologi dotter av Saturn og Ops og var gudinne for fræve og jordbruk; særleg korn og gjennom dette brød.

Ho var òg vernegudinne for morskjærleik.

Ceres
Kjempestatue av Ceres, no i Vatikanmusea.

Ceres er den einaste av dei mange romerske gudane for grøde og jordbruk som var rekna til Dii Consentes, dei tolv hovudgudane. Ceres var opphavleg den sentrale guddommen i den såkalla plebeiiske eller aventinske triaden, saman med Liber og Libera. Ho blei seinare sett saman med dottera Proserpina i det romarane kalla «dei greske Ceres-ritene». Ho og dottera Prosephine blei rekna som motstykke til dei greske gudinnene Demeter og Persefone/Kore.

Den sju dagar lange høgtida for Ceres i april, cerealia, omfatta dei populære Ceres-leikane, Ludi Ceriales. Ho blei også æra med lustratio på åkrane under ambarvalia i mai, ved innhaustinga og i samband med giftarmål og gravferder.

Ceres
Statue av Ceres, no i Museo del Prado.

Skildring

Framstillingar av Ceres som stammar frå den romerske republikken og seinare viser inspirasjon frå Demeter. Gudinna held ein fakkel eller to. Ho sit på ei heilag kiste og tek seg fram i ei vogn dregen av slangar. Relieff kan også visa henne med armane omtvinna av slangar med kveite og valmuar i hendene. Ho kan òg bera eit overflodshorn. På hovudet kan ho ha ein frukt- og bladkrans på hovudet eller ei krone av kveite.

Kvinner frå den romerske keisarfamilien kunne framstillast som Ceres på pengar.

Ceres 
Ceres-prestinne. Statue av Joseph Baptist Hagenauer (1732-1811).

Dyrking

Både prestene og seremoniane ved seinare Ceres-dyrking var greske. Grekarane hevda at Demeters glede over å treffe att dottera Persefone kvar vår, var årsaka til at all vegetasjon byrja vekse. Denne tanken vart introdusert i Romarriket i det femte hundreåret fvt., og Ceres-kulten som grodde fram, vart svært populær, særleg mellom plebeiane (lågare lag av folket). Eit tempel til Ceres, Liber og Libera (Dionysos og Persefone) låg på plebeiarområdet Aventinhøgda like ovanfor Circus Maximus.

Mange seremoniar, opptog og rituale var knytt til korndyrkinga. Den store festen for Ceres vart kalla cerealia, og vart feira 12. til 19. april. Kvinnene gjekk syngande i høgtidssam prosesjon, og ved kvart vegkryss stemte dei i med ein klagesong, til minne om Ceres’ søking etter Prosepine. Også dødsrituale var knytt til Ceres, for når kornet var hausta og vel i hus, så gjekk naturen inn i vinteren og død. Den viktigaste Ceres-dyrkinga var knytt til Ceres-templet på Aventinarhøgda i Roma, men kvar og korleis Ceres-kulten først oppstod, er litt uvisst. Truleg var Ceres ei gammal italisk jordbruks-gudinne, og gudinne for morskjærleik, og nær knytt til mor-jord-gudinna Tellus.

Ceres 
Veggmåleri av Ceres som sommaren, måla i 1760 i Palermo av Francesco Sossi.

Etter romersk tid

Under renessansen blei Ceres avbilda i måleri og statuar. Ho blei òg brukt som symbol på grøde og jordbruk på 1800- og 1900-talet, med avbildingar på bygningar som Missouri State Capitol, Vermont State House og Chicago Board of Trade-bygningen. Ho er også avbilda på delstatsseglet til New Jersey.

Det engelske ordet for kornprodukt, cereals, er avleidd av namnet Ceres.

Dvergplaneten 1 Ceres, som blei oppdaga i 1801, er kalla opp etter gudinna. Grunnstoffet cerium har fått namn etter dvergplaneten.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Ceres  Commons har multimedium som gjeld: Ceres

Tags:

Ceres SkildringCeres DyrkingCeres Etter romersk tidCeres KjelderCeres BakgrunnsstoffCeresBrødGuden SaturnJordbrukKornRomersk mytologi

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

ROBEKSelma LagerlöfFôrKnut Jørgen Røed ØdegaardStjernebiletet OrionSymbol i hinduismenIvar AasenJohn Atkinson GrimshawEiffeltårnetDío-ÓlymbosLinda EideSamleieRubjerg Knude FyrDen store depresjonenVårsøgBuddhismenKarinMuldyrBrusselMatterhornMexicoNazistMorfinCotangensKrøllalfaPer SpelmannØstfold fylkeWikinewsCarl LarssonIndonesiaKroatiaBrian JonesLitókhoroAndre pinsedagMusculus latissimus dorsiAgnetha FältskogOlivia RodrigoVassreservoarMyAnna BuringAustlia i BergenCanadaFilmjølkGrønlandSkaldPeter SellersTrykkEdvard VII av StorbritanniaVolda kommuneByen PellaLine Nagell YlvisåkerBronseSenterpartietSelbu kommuneHelioseismologiDavid BowieTower of LondonAlligatorarHundNorrøn litteraturBuHomofiliBodø kommuneVågan kyrkjeHjortetakksaltUSACyanDío i PieríaSotraSunndalsøraAtomH.C. AndersenWienerklassisismenMonogamiKopplamNepotisme🡆 More