Grevinnen (tidlegare: Klara) er eit sjørøvarskip i forteljingane til Terje Formoe om sjørøvaren Kaptein Sabeltann.
Skipet tilhøyrer rollefiguren Greven av Gral.
Ein stor modell av skuta seglar i Kaptein Sabeltanns Verden i Kristiansand Dyrepark, der den også møter på skuta til Kaptein Sabeltann, Den Sorte Dame.
Skuta heitte tidlegare Klara, og var skuta til sjørøvaren Kaptein Sorte Bill av Thorbjørn Egner. Ho vart bygd og designa på Risør Trebåtbyggeri til teikningane av Egner. Til den nye versjonen av den musikalske barne- og familieframføringa Kaptein Sabeltann og den forheksede øya, i 2007, vart det bestemt at Greven av Gral skulle ha ei skute. I staden for å byggje ein ny, vart Klara ombygd til Grevinnen.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Grevinnen, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.