Grashopper

Grashopper er ei gruppe insekt i ordenen rettvenger og underordenen Caelifera.

Grashopper
Grashopper
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Seksfotingar Hexapoda
Klasse: Insekt Insecta
Underklasse: Flygande insekt Pterygota
Infraklasse: Neoptera
Orden: Rettvenger Orthoptera
Underorden: Grashopper Caelifera
Ander, 1939

Dei høyrer til det som truleg er den eldste nolevande gruppa av planteetande tyggande insekt som kan førast tilbake til tidleg trias for rundt 250 millionar år sidan. Grashopper er hemimetabole insekt som ikkje går gjennom komplett metamorfose; i staden blir dei klekka frå eit egg som nymfer som går gjennom fem hamskifte, der dei blir likare vaksne dyr på kvart stadium. Grashopper lever typisk på bakken og bruker dei sterke bakføtene sine til å rømma frå farar gjennom kraftige hopp. Nokre grashoppeartar kan endra farge og oppførsel og danna svermar dersom dei rette tilhøva er til stades for det.

Grashopper er vanlegvis planteetarar. Nokre få av artane kan bli store skadedyr på korn, grønsaker og beitemark, særleg når dei svermar i milliontal og øydelegg avlingar i store område. Dei vernar seg mot predasjon ved hjelp av kamuflasje; om dei blir oppdaga kan mange artar prøva å overraska ein predator med eit sterkt synsinntrykk frå vengene medan dei hopper unna. Vaksne insekt kan flyga eit kort stykke vekk. Andre artar, som Dactylotum bicolor, har varselfargar som skremmer vekk predatorar. Grashopper blir påverka av parasittar og ulike sjukdommar, og det finst mange predatorar for både nymfer og vaksne. Også egga kan angripast av parasittoidar og predatorar.

Insekta har hatt eit langvarig forhold til menneske. Grashoppesvermar kan ha øydeleggjande effektar på jordbruk og forårsaka svolt, og er mellom anna nemnde i Bibelen. Også mindre tal av insekta kan vera alvorlege skadedyr. Dei blir elles brukt til mat i nokre land, som Mexico og Indonesia. Grashopper finst også i kunst, litteratur og symbolisme.

Fylogeni

Grashopper høyrer til underordenen Caelifera. Stamtreet til Caelifera, ut frå mitokondrielt ribosom-RNA frå trettito takson i seks av sju superfamiliar, er viste som kladogram. Gruppene Ensifera (Lauvgrashopper og sirissar), Caelifera og alle superfamiliane av grashopper bortsett frå Pamphagoidea ser ut til å vera monofyletiske grupper.

Orthoptera
Ensifera

[6 superfamiliar] Grashopper 


Caelifera

Tridactyloidea Grashopper 




Tetrigoidea Grashopper 




Eumastacidae Grashopper 




Proscopiidae Grashopper 




Pneumoridae Grashopper 




Pyrgomorphidae Grashopper 



Acrididae + Pamphagidae Grashopper 









 

Grashopper 
Fossile grashopper ved Royal Ontario Museum

Evolusjonært sett skilde Caelifera og Ensifera seg ikkje seinare enn rundt permo-trias-utryddinga. Dei eldste insekta ein kan seia sikkert tilhøyrer Caelifera er i dei utdøydde familiane Locustopseidae og Locustavidae frå tidleg trias for rundt 250 millionar år sidan. Gruppa blei diversifisert i løpet av trias, og har omfatta viktige planteetarar sidan. Dei fyrste moderne familiane, som Eumastacidae, Tetrigidae og Tridactylidae, dukka opp i krittida, sjølv om nokre insekt som moglegvis kan høyra til dei to siste av desse gruppene er kjende frå tidleg jura. Morfologisk klassifisering er vanskeleg ettersom mange takson har nærma seg ein felles habitattype; nyare taksonomar har fokusert på dei indre genitala, særleg hjå hannar. Denne informasjonen er ikkje tilgjengeleg i fossile funn, og paleontologisk taksonomi byggjer særleg på vengemønsteret på bakvengene.

Caelifera omfattar rundt 2 400 slekter og rundt 11 000 kjende artar. Det finst også truleg mange artar som ikkje er vitskapleg klassifiserte, særleg i tropiske fuktige skogar. Caelifera har hovudsakleg ei tropisk utbreiing med færre artar funne i tempererte soner, men dei fleste superfamiliane har representantar over heile verda. Dei er nesten utan unntak planteetarar, og er truleg den eldste gruppa tyggande planteetande insekt som framleis finst.

Den mest mangfaldige superfamilien er Acridoidea, som omfattar rundt 8 000 artar. Dei to hovudfamiliane i denne gruppa er Acrididae, eller markgrashopper, som er utbreidde over heile verda, og Romaleidae, som hovudsakleg finst i den nye verda. Ommexechidae og Tristiridae er frå Sør-Amerika, medan Lentulidae, Lithidiidae og Pamphagidae hovudsakleg finst i Afrika. Pauliniidane er nattaktive og kan symja eller skøyta på vatn, og lentulidane er vengelause. Pneumoridae stammar frå Afrika, særleg sørlege Afrika, og er kjenneteikna av dei oppsvulma abdomena til hannane.

Skildring

Grashopper 
Grashoppe frå Maryland.

Grashopper har typisk insektkroppsform med hovud, thorax og abdomen. Hovudet blir vanlegvis halde loddrett med ein vinkel mot kroppen, med munnen på botnen. Hovudet har eit stort par fasettauge som gjer at dei kan sjå rundt seg, tre enkle auge som kan sjå lys og mørke, og eit par trådaktige følehorn som sansar berøring og lukt. Dei nedovervende munndelane er tilpassa tygging, og dei har to kjensle-palpar framfor kjeven.

Thorax og abdomen er segmenterte og har ein hard kutikula laga av overlappande plater av kitin. Dei tre samanvaksne thorax-segmenta har tre par føter og to par venger. Framvengene, kjende som tegmina, er smale og lêraktige, medan bakvengene er store og membranøse, med vener som gjev dei styrke. Føtene ender i klør som kan brukast til å gripa fast. Bakføtene er særskild kraftfulle med sterk femur. Inne i thorax ligg musklar som styrer vengene og føtene.

Abdomenet har elleve segment, der det fyrste har vakse saman med thorax og inneheld tympanalorgan og høyrslesystemet. Segment to til åtte er ringforma og festa med fleksible membranar. Segment ni til elleve er reduserte i storleik, segment ni har eit par haletrådar og segment ti og elleve har reproduksjonorganar. Ho-grashopper er vanlegvis større enn hannar, med korte eggleggingsrøyr. Namnet «Caelifera» kjem frå latin og tyder 'meisel-berande', med referanse til forma på eggleggingsrøyra.

Artane som lagar lydar folk lett kan høyra gjer vanlegvis dette ved å dra nubbar på bakføtene mot sidene av framvengene. Lydane blir hovudsakleg laga av hannar for å lokka til seg hoer, men hjå nokre artar kan også hoer laga lydar.

Grashopper kan minna om sirissar, men dei har fleire skilnader, mellom anna med omsyn på talet på segment i antennene deira og strukturen på eggleggingsrøyra, plasseringa av tympanalorganet og måten dei lagar lyda på. Ensifera-insekt har antenner som kan vera mykje lengre enn kroppen og har minst 20–24 segment, medan Caelifera-insekt har færre segment og kortare, tjukkare antenner.

Biologi

Føde og fordøying

Grashopper 
Strukturen til munndelane

Dei fleste grashopper et plantemateriale frå fleire ulike kjelder, men nokre er altetarar som også kan eta dyrevev og avføring. Vanlegvis føretrekk dei å eta ulike typar gras, inkludert mange kornslag som folk dyrkar. Fordøyingssystemet er typisk for insekt, med malpighiske røyr som fører inn i midttarmen. Karbohydrat blir hovudsakleg fordøydde i kroet, medan protein blir fordøydde i blindtarmane i midttarmen. Dyra har mykje spytt som stort sett ikkje inneheld enzym, men hjelper til med å flytta mat, og malpighiske sekret i tarmen. Nokre grashopper har cellulase, som kan gjera plantecelleveggar mjukare slik at innhaldet i cellene blir tilgjengeleg for andre fordøyingsenzym.

Sanseorgan

Grashopper 
Egyptisk grashoppe (Anacridium aegyptium) sett frå framsida.

Grashopper har eit nervesystem som er typisk for insekt, og har fleire eksterne sanseorgan. På sida av hovudet er eit par store fasettauge som gjev dei eit vidt synsfelt og kan oppdaga rørsle, form, farge og distanse. Dei har også tre enkle punktauge på panna som kan oppfatta lysintensitet, eit par antenner som kan oppfatta lukt og rørsle, og munndelar som kan oppfatta smak. Ved framenden av abdomen er det eit par tympanalorgan som oppfattar lyd. Dei har fleire fine hår (setae) som dekkjer heile kroppen og gjer nytte som mekanoreseptorar (rørsle- og vindsensorar). Desse sit tettast på antennene, palpane (del av munnen), og på cerci ved enden av abdomenet. Det sit særskilde reseptorar (campaniform sensillae) i huda på føtene som oppfattar trykk og endring i kutikula. Dei har indre «kordotonale» sanseorgan som er spesialiserte i å oppfatta stilling og rørsle kring ledda til eksoskjelettet. Reseptorane gjev informasjon til sentralnervesystemet gjennom kjenslenevron, og dei fleste av desse har cellekroppane sine i periferien i nærleiken av sjølve reseptorstaden.

Sirkulasjon og respirasjon

Som andre insekt har grashopper eit ope krinsløpssystem, og kroppsholene deira er fylte med hemolymfe. Ein hjarteliknande struktur i den øvre delen av abdomen pumpar væska til hovudet deira, og derfrå siv ho forbi vev og organ på veg tilbake til abdomen. Dette systemet gjer at næring kan sirkulera gjennom kroppen og fører bort avfallsstoff. Andre funksjonar krinsløpsystemet kan ha er sårlækjing, varmeoverføring og å gje hydrostatisk trykk, men det er ikkje del av gassutveksling. Respirasjonen blir utført ved hjelp av luftrøyr som opnar seg ved overflata av thorax og abdomen gjennom par av spirakel med ventilar. Større insekt treng i nokre høve å aktivt ventilera kroppane sine ved å opna nokre spirakel medan andre er lukka. Dei bruke musklar i abdomenet til å utvida og trekka saman kroppen og pump luft gjennom systemet.

Hopping

Ei stor grashoppe kan hoppa rundt ein meter (tjue kroppslengder) utan å bruka vengene; den største akselerasjonen er rundt 20 g. Grashopper hoppar ved å strekka ut dei store bakføtene sine og pressa mot underlaget (bakken, ei grein, eit grasstrå eller noko anna dei står på ); og reaksjonskrafta sender dei opp i lufta. Dei hopper av fleire grunnar, som å rømma frå ein predator, å byrja å flyga, eller berre for å forflytta seg. For unnsleppingshopp er det spesielt sterkt press til å ha størst mogleg fart ved avsprang, sidan dette gjev størst mogleg avstand. Dette tyder at føtene må verka mot underlaget både med høg kraft og høg fart. Musklar kan generelt ikkje trekka seg saman med stor styrke og fart samtidig. Grashopper løyser dette problemet ved å bruka ein katapultmekanisme som forsterkar den mekaniske effekten danna av musklane.

Hoppet er ein prosess med tre stadium. Fyrst bøyer grashoppa den nedre delen av foten (tibia) heilt inn mot den øvre delen (femur) gjennom å aktivera flexor tibiae-musklane. Deretter følgjer ein periode av samkontraksjon der det blir bygd opp kraft i den store penniform-muskelen extensor tibiae, medan tibia blir halden bøygd av den samtidige samantrekkinga til flexor tibiae-muskelen. Extensor-muskelen er mykje sterkare enn flexor-muskelen, men sistnemnde blir hjelp av spesialiseringar i leddet som gjev det ein stor effektiv mekanisk fordel over det fyrstnemnde når tibiaen er heilt bøygd. Samkontraksjonen kan vara i opptil eit halvt sekund, og i denne perioden blir extensormuskelen forkorta og lagrar elastisk energi ved å endra dei stive kutikula-strukturane i foten. Samantrekkinga til extensor-muskelen er ganske sakte, noko som gjer at han kan opparbeida stor kraft (opptil 14 N i ørkengrashoppe) utan å nytta mykje effekt. Det tredje stadiet er avslappinga av flexormuskelen, som slepp tibia laus frå den bøygde stillinga. Den raske utstrekkinga av tibia som følgjer blir hovudsakleg driven av avslappinga i dei elastiske strukturane, heller enn vidare korting av extensor-muskelen. Dermed fungerer kutikula som strikken i ei slynge, eller bogen i ein pil og boge.

Lyd

Grashoppe-stridulering

Hanngrashopper bruker mykje av dagen på å laga lyd ved hjelp av stridulering. Dei er meir aktive under optimale tilhøve og mindre under vanskelege tilhøve. Hoer kan også stridulera, men mykje mindre merkbart enn hannar. Hannar i slutten av nymfestadiet kan tidvis gjera striduleringsrørsler sjølv om dei ikkje kan laga lydar enno, noko som viser kor viktig denne åtferda er. Songen er ei form for kommunikasjon, som kan verka som å uttrykka kjønnsmogen tilstand, sosiale samband og velvere. Sosiale samband er viktige for grashopper på grunn av evna deira til å hoppa eller flyga lange avstandar, og song kan halda dei samla og gje andre peikepinnar mot gode leveområde. Songen kan variera i fraseologi og intensitet, og blir endra om ein rivaliserande hann er til stades, eller om ei hoe er i nærleiken. Hjå hanngrashopper i Pneumoridae-familien forsterkar eit forstørra abdomen songen.

Livssyklus

Grashopper 
Seks utviklingsstadium frå nyleg klekka nymfe til vaksen grashoppe med venger.
Grashopper 
Romalea microptera- grashopper: Hoa (den største) legg egg, medan hannen venter.

Hjå dei fleste grashoppeartar går konfliktar mellom hannar over hoer sjeldan forbi ritualisert oppvising. Det finst nokre unntak som hjå Kosciuscola tristis, der hannar kan slost oppå hoer som plasserer ut egg; dei kan slost med føter, biting, sparking og riding.

Ei nyleg vaksen hograshoppe har ein periode på rundt ei til to veker før ho legg egg der ho aukar i vekt og egga hennar mognar. Etter paring grev hoene i dei fleste artar eit hol med eggleggingsrøyret sitt og legg egg i ein slags belg i bakken i nærleiken av matkjelder, vanlegvis om sommaren. Etter å ha lagt egga dekker ho holet med jord og lausmateriale. Nokre grashopper, som den halv-akvatiske Cornops aquaticum, plasserer belgen direkte inni plantevev. Egga i belgen er festa saman med skum hjå nokre artar. Etter nokre veker med utvikling går egga til dei fleste artane i tempererte klima inn i diapause, og går gjennom vinteren i dette stadiet. Diapausen blir avbroten av ein passande låg bakketemperatur, og utviklinga byrjar att når bakken kjem over ein bestemt temperatur. Embryoa i belgen klekker som regel nokre få minutt frå kvarandre. Dei mister raskt membranane sine og eksoskjeletta deira hardnar. Nymfene kan då hoppa unna predatorar.

Grasshoppers går gjennom ufullstendig metamordose. Dei går gjennom fleire hamskifte der dei kvar gong blir større og meir like vaksne dyr, og vengedelane deira blir større i kvart stadium. Talet på hamskifte før dei blir vaksne varierer mellom artar, men er ofte seks. Etter det siste skiftet er vengene store nok til å verka. Den migrerande grashoppa, Melanoplus sanguinipes, er nymfe i 25 til 30 dagar, alt etter kjønn og temperatur, og lever som vaksen i rundt 51 dagar.

Sverming

Grashopper 
Millionar av grashopper i Australia

Nokre grashopper i familien Acrididae kan danna store svermar. Svermeåtferd er ein respons på store tal dyr på ein stad. Auka rørslestimulering av bakføtene fører til ein auke i serotoninnivået. Dette gjer at grashoppene endrar farge, et meir og formeirer seg raskare. Endringa av eit einskildlevande individ til eit svermande blir starta av fleire kontaktar per minutt i ein kort periode.

Etter denne endringa kan tette, nomadiske grupper av ikkje-flygande nymfer under passande tilhøve produsera feromon som tiltrekk insekta til kvarandre. Ved hjelp av fleire generasjonar i eit enkeltår kan grashoppepopulasjonen byggja seg opp frå mindre lokale grupper til kjempesvermar av flygande insekt som kan eta all vegetasjon dei kjem over. Den største grashoppesvermen ein har målt blei danna av Melanoplus spretus (Rocky Mountain locust), som no er utdøydd, i 1875. Svermen var 1 800 mile (2 900 km) lang og 110 mile (180 km) brei, og eit estimat seier at han omfatta 3,5 trillionar grashopper. Ei vaksen ørkengrashoppe (Schistocerca gregaria) kan eta rundt 2 gram plantemateriale kvar dag, så milliardar av insekt i ein stor sverm kan vera svært øydeleggjande og eta alt bladverk, stilkar, blomar, frukter, frø og bork i eit område.

Predatorar, parasittar og sjukdommar

Grashopper 
Bomullstopptamarin som et ei grashoppe

Grashopper kan ha mange ulike typar predatorar på ulike stadium i livet. Egga blir etne av humlefluger, løpebiller og plasterbiller; ungdyr og vaksne blir etne av andre insekt som maur, rovfluger og gravevepsar, avedderkoppar og av mange fuglar og små pattedyr.

Egg og nymfer kan angripast av parasittoidar som spyfluger, kjøtfluger og snyltefluger. Ytre parasittar på nymfer og vaksne dyr er mellom anna midd. Hograshopper med midd produserer færre egg og får dermed mindre avkom enn individ utan.

Grashopper 
Grashoppe med parasittisk midd

Grashopperundorm (Mermis nigrescens) er ein lang, tynn orm som kan infisera grashopper og leva i krinsløpet til insektet. Vaksne ormar legg egg på plantar og vertsdyra blir infiserte ved å eta blad med egg på. Spinochordodes tellinii og Paragordius tricuspidatus er parasittiske ormar som infiserer grashopper og endrar oppførselen til vertsdyra. Når ormane har nådd det rette utviklingsstadiet sitt blir grashoppa påverka til å hoppa ut i vatn og drukna, slik at parasitten kan fortsetja med det neste stadiet av livssyklusen sin, som føregår i vatn.

Grashopper 
Grashopper drepne av soppen Metarhizium, eit miljøvennleg skadedyrmiddel som finst naturleg i verda. CSIRO, 2005

Grashopper er påverka av sjukdommar forårsaka av bakteriar, virus, sopp og protozoar. Bakteriane Serratia marcescens og Pseudomonas aeruginosa har begge blitt funne å forårsaka sjukdom hjå grashopper, og det same har soppen Beauveria bassiana. Denne utbreidde soppen er blitt brukt mot ulike skadeinsekt over heile verda, men sjølv om han påverker grashopper er infeksjonen vanlegvis ikkje dødeleg fordi insektet kan liggja i sola til det får ein temperatur som er høgare enn det soppen toler. Sopp-patogenet Entomophaga grylli kan påverka oppførselen til grashoppeverten sin ved å få han til å klatra til toppen av ein plante og klynga seg til stilken medan han døyr. Dette gjer at soppsporane blir spreidde vidt frå omkring frå kroppen.

Soppatogenet Metarhizium acridum finst i Afrika, Australia og Brasil, der det har forårsaka epizootiar i grashopper. Det er blitt undersøkt for mogleg bruk som eit mikrobisk insektmiddel mot grashopper. Microsporide-soppen Nosema locustae kan vera dødeleg for grashopper. Han må etast for å ha verknad, og blir brukt i eit åtebasert skadedyrmiddel. Det finst ulike andre microsporidar og protozoar i fordøyingssystemet.

Vern mot predatorar

Grashopper har utvikla ei rekkje metodar for å unngå predasjon, til dømes ved å unngå å bli oppdaga, å flykta om dei blir oppdaga, og i nokre høve å unngå å bli etne om dei blir fanga. Grashopper har ofte kamuflasje for å unngå oppdaging av predatorar som bruker synet ved jakt; nokre artar kan endra fargane sine til å passa med omgjevnadane.

Fleire artar, som Phyllochoreia ramakrishnai (Eumastacoidea), kan bruka detaljert mimikry for å likna på blad. Proscopiidae kan likna trepinnar både i form og farge. Grashopper har ofte skremmemønster på vengene som kan gje predatoren eit uventa syn av sterke fargar som kan skremma dei lenge nok til å gje grashoppa sjansen til å rømma ved hjelp av hopp og flyging.

Nokre artar har sterke varselfargar og i tillegg gift som kan skremma bort predatorar. Dictyophorus productus (Pyrgomorphidae) er eit tungt insekt med raudt abdomen som ikkje gjer forsøk på å gøyma seg. Ein Cercopithecus-ape som åt andre grashopper nekta å eta denne arten. Ein annan art frå Arizona, Dactylotum bicolor (Acridoidea), har vist seg ved eksperiment med ein naturleg predator, firfisla Aspidoscelis inornatus, å ha liknande eigenskapar.

Grashopper og menneske

Grashopper 
Detalje av grashoppar på eit bord i Rachel Ruysch sitt måleri 'Blomar i ein vase' frå ca. 1685.

I kunst og media

Frå tid til anna blir grashopper avbilda i kunst, som av Balthasar van der Ast frå den nederlandske gullalderen i stillebenmåleriet 'Blomar i ein vase med skjel og insekt' frå ca. 1630, no i National Gallery i London, sjølv om insektet avbilda òg kan vera ein siriss.

Rachel Ruysch måla eit stilleben av 'Blomar i ein vase' rundt 1685. Bildet viser ein hovudsakleg statisk scene som blir animert av ei «grashoppe på bordet som verker klar til å hoppa», ifølgje gallerikuratoren Betsy Wieseman, med andre virvellause dyr som ein edderkopp, ein maur og to larvar.

Grashopper kan også opptre på film. Filmen Beginning of the End frå 1957 viste kjempegrashopper som gjekk til åtak på Chicago. I den animerte Disney/Pixar-filmen A Bug's Life frå 1998 er antagonistane ei gruppe grashopper, og leiaren deira Hopper er hovudskurken.

Symbolisme

Grashopper 
Det forgylla grashoppesymbolet til sir Thomas Gresham i Lombard Street i London frå 1563

Grashopper er tidvis blitt brukte som symbol. I den arkaiske tida i Hellas var grashopper eit symbol for polisen Aten, kanskje fordi dei var nokre av dei vanlegaste insekta på dei tørre slettene i Attika. Innfødde atenarar brukte ei tid gylne grashoppebrosjer til å symbolisera at dei var av rein atensk avstamming utan nokre utanlandske forfedrar. Sir Thomas Gresham brukte ei gyllen grashoppe som symbol i Lombard Street i London frå 1563. Denne bygningen var ei tid hovudkvarter for Guardian Royal Exchange, men selskapet valde å ikkje bruka symbolet for ikkje å bli forveksla med skadegjerande grashopper.

Som mat

Grashopper 
Steikte grashopper frå Gunung Kidul i Yogyakarta i Indonesia
Grashopper 
Japanske søte og salte grashopper (Inago no Tsukudani)


I nokre land blir grashoppers brukte som mat. I Sør-Mexico et ein grashopper, kalla chapulines, i fleire ulike rettar, til dømes i tortillaer med chilisaus. Ein kan servera grashopper på grillspyd i kinesiske matmarknader, som Donghuamen nattmarknad. Steikte grashopper (walang goreng) blir etne i Gunung Kidul Regency i Yogyakarta på Java i Indonesia. Grashopper er ein populær delikatesse i Uganda, der dei vanlegvis blir etne steikte, typisk i november og mai etter regntida. I Amerika brann ohlonefolk grasområde for å tvinga grashopper oppi groper der dei kunne samlast for å brukast som mat.

Bibelen fortel at døyparen Johannes åt grashopper og villhonning (gresk ἀκρίδες καὶ μέλι ἄγριον, akrídes kaì méli ágrion) medan han var i villmarka.

I nyare tid har grashopper vore gjenstand for forsking på alternative, sunne og berekraftige proteinkjelder. Grashopper er blitt oppdretta av kommersielle føretak og brukt til næringsprodukt og proteintilskot.

Som skadedyr

Grashopper 
Grashoppe et på eit maisblad.

Grashopper et store mengder planter både som vaksne og under utviklinga si, og kan vera alvorlege skadedyr i tørre landskap og prærieområde. Beite, korn, fôr, grønsaker og andre avlingar kan råkast. Grashopper sit ofte i sola, og trivst i varme tilhøve, så tørke kan stimulera grashoppepopulasjonar til å veksa. Ein enkelt tørkesesong er vanlegvsi ikkje nok til å gje ein stor populasjonsauke, men fleire tørkesesongar på rad kan gjera det, særleg om vintrane imellom er milde slik at store tal nymfer kan overleva. Sjølv om solskin stimulerer vekst, treng ein veksande grashoppepopulasjon også nok næring. Dette tyder at sjølv om nedbør er nødvendig for å gje plantevekts, kan forlenga periodar med overskya vêr saktna nymfeutviklinga.

Grashopper kan lettast hindrast frå å bli skadedyr ved å endra miljøet deira. Skugge frå tre kan hindra dei frå å auka for mykje, og dei kan også hindrast frå å flytta inn på avlingar i vekst ved å fjerna vegetasjon frå brakkland og åkerkantar og hindra tjukk plantevekst ved grøfter og vegkantar. Auka tal på grashopper kan også føra til fleire predatorar, men dette skjer vanlegvis ikkje raskt nok til å påverka populasjonane så mykje. Biologiske kontrollmåtar er blitt undersøkte, og sporar av protozo-parasitten Nosema locustae can brukast blanda med åte for å kontrollera talet på grashoppes, med større effekt på unge insekt. I mindre skala kan produkt frå neemtreet vera effektive som ein negativ påverknad mot å eta avlingar og til å avbryta nymfeutvikling. Insekticid kan også brukast, men vaksne grashopper er vanskelege å drepa, ettersom dei flytta inn på åkrar frå miljøet rundt, slik art avlingar raskt kan infiserast att.

Nokre grashoppeartar er skadedyr i rismarker. Pløying fører egga opp til overflata der dei kan øydeleggjast av sola eller etast av naturlege predatorar. Nokre egg kan liggja for djupt nede i bakken til å kunna klekka.

Landeplager av grashopper kan ha øydeleggjande innverknad på menneske og skapa hungersnaud og omveltingar. Slike plager er nemnde både i Koranen og Bibelen. Grashoppesvermar er også blitt gjevne skulda for kolera-epidemiar etter at kroppane deira drukna i Middelhavet og rotna på strendene. FAO og andre organisasjonar overvaker grashoppeaktivitet over heile verda. Skadedyrmiddel brukte i tide kan hindra nomadiske grashopper frå å danna tjukke svermar av vaksne insekt. I tillegg til konvensjonell kontroll med kontakt-insectisid kan ein også bruka biologisk kontroll som soppen Metarhizium acridum, som infiserer grashopper spesielt.

I litteratur

Grashopper 
Egyptiske hieroglyfar for «snḥm»

Det egyptiske ordet for grashoppe blei skrive snḥm i det hieroglyfiske skriftsystemet med konsonantar. Farao Rames II samanlikna hettithæren med grashopper: «Dei dekka fjella og dalane, og var som grashopper i talrikdommen sin.»

Ein av Æsops fablar, seinare gjenfortald av La Fontaine, er soga om Mauren og grashoppa. Mauren arbeide hardt heile sommaren, medan grashoppa leiker. Om vinteren er mauren førebudd, medan grashoppa svelter. Somerset Maugham si novelle «The Ant and the Grasshopper» tek for seg symbolismen i fabelen via ei kompleks rameforteljing. Ein har også identifisert andre menneskelege laster med åtferda til grashoppa. Ei utru kvinne som «hoppar» frå mann til mann er til dømes omtalt som ei grashoppe i «Poprygunja», ei novelle av Tsjekhov frå 1892, og i Jerry Paris sin film The Grasshopper frå 1969.

Ingeniørfag

«Grasshopper» var eit kallenamn for flya Aeronca L-3 og Piper L-4, som blei brukte under andre verdskrigen. Namnet skal ha kome frå majorgeneral Innis P. Swift då han såg eit Piper-fly landa og sa at det såg ut som ei hoppande grashoppe.

Merknadar

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Grashopper  Commons har multimedium som gjeld: Grashopper

This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Grashopper, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.

Tags:

Grashopper FylogeniGrashopper SkildringGrashopper BiologiGrashopper Predatorar, parasittar og sjukdommarGrashopper og menneskeGrashopper MerknadarGrashopper KjelderGrashopper BakgrunnsstoffGrashopperBiologisk ordenHemimetaboliHolometaboliInsektMytingNymfestadietRettvengerTrias

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Snow White and the Seven DwarfsKnut T. StorbukåsSjantiKyprosKamferFinding DoryPolitiet i NoregBente KahanOlga DanilovaFelix MendelssohnLeksandPave Johannes Paul INoregAluminiumNamnedagar i NoregPalingeneseGotlandQ.E.D.Samisk språkhistorieRussiskJamstellingsvedtaketLise AmundsenFresnelsoneSamisk historieMaud av NoregKirgisistanHannoverUrinsyregiktInformasjonsteknologiApeArne TreholtFreddie MercurySudanSaksofonInformasjonskapselNorrøn tidFilmserien Harry PotterTwitterHardy-gutteneJoe BidenFársalaClaudio LangesJørgensdagenRussisk litteraturMagnar EstenstadTilsynelatande storleiksklasseDen raude plassenForelskingVladimir PutinSeljeJerry Leiber og Mike StollerNettrollWikipediaNytt på nyttBuddhisttempelJordaÁrakhthos i ÁrtaJohan BojerI Dovregubbens hallAndreas Hofgaard WinsnesBZFlagKleopatraGrunnstoffliste etter atomnummerTrekanthandelTromsø kommuneNyttårNordsamiskPanterOrganistArne Kjell LarsenFrøylandsvatnetKoyaanisqatsiDisney Channel SkandinaviaUSAOne Hundred and One DalmatiansKaptein Sabeltann🡆 More