Grafitt er eit særs bøyeleg og blautt mineral med svart farge og strek.
Mineralet er så bløytt at det fargar papir svart. Grafitt er den alminnelege modifikasjonen av krystallisert karbon. Men karbon er polymorft, og ved høgt trykk vil diamant vere den stabile fasen.
Grafitt | |||
Grafitt | |||
Generelt | |||
---|---|---|---|
Kategori | Native element mineral | ||
Kjemisk formel | C | ||
Strunz-klassifisering | 01.CB.05a | ||
Krystallsymmetri | Heksagonal diheksagonal dipyramidal H-M-symbol: (6/m 2/m 2/m) Romgruppe: P 63/mmc | ||
Einingscelle | a = 2,461 Å, c = 6,708 Å; Z = 4 | ||
Identifikasjon | |||
Farge | Jernsvart til stålgrå; mørkeblå i transmittert lys | ||
Krystallform | Søyleforma, sekskanta blada massar, korna til kompakte massar | ||
Krystallsystem | Heksagonal | ||
Tvilling | Finst | ||
Kløyv | Basal – perfekt på {0001} | ||
Brot | Flakete, elles kantete når ikkje på kløyv | ||
Fastleik | Fleksibel, ikkje-elastisk, kan skjerast | ||
Mohs hardleiksskala | 1–2 | ||
Glans | Metallisk, jordaktig | ||
Strekfarge | Svart | ||
Transparens | Ugjennomsiktig, gjennomsiktig berre i ekstremt tynne flak | ||
Tettleik | 2,09–2,23 g/cm3 | ||
Optiske eigenskapar | |||
Optiske eigenskapar | Einaksa (–) | ||
Pleokroisme | Kraftig | ||
Oppløyselegheit | Smelta nikkel | ||
Kjelder |
Grafitt vert nytta i smelteverk og metallindustri til eldfaste diglar og støypeformer, sidan han toler ein temperatur på nesten 4000 °C. Dessutan blir grafitt brukt til belegg i bremsetromlar, som smøremiddel og i blyantar, batteri, anodar og mykje anna.
Grafitt finst særleg naturleg i metamorfe bergartar (fylittar og gneisar) og kan. I Noreg finst det til dømes ved Skaland på Senja, Jennestad i Sortland og Holandsfjord i Nordland.
Verda over vert det produsert naturleg grafitt på kring 600 000 tonn per år. Dei største produsentlanda er Kina, India, Mexico, Brasil og Madagaskar. Høgaste grafittkvalitet får ein frå Sri Lanka.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Grafitt, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.