Gerhard «Gerd» Müller (fødd 3.
november 1945 i Nördlingen, død 15. august 2021) var ein tysk fotballspelar.
Gerd Müller i 2007 | |||
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Gerhard Müller | ||
Fødselsdato | 3. november 1945 | ||
Fødestad | Nördlingen i Tyskland | ||
Dødsdato | 15. august 2021 (75 år) | ||
Høgd | 176 cm | ||
Posisjon | Angrepsspelar | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar | (Mål) |
1963-1964 | 1861 Nördlingen | 31 | (51) |
1964-1979 | Bayern München | 453 | (398) |
1979-1981 | Fort Lauderdale Strikers | 71 | (38) |
Totalt | 555 | (487) | |
Landslag | |||
1966-1974 | Vest-Tyskland | 62 | (68) |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga |
Han har dei tyske scoringsrekordane for både landslaget og Bundesliga. På landslaget scora han 68 mål på 62 landskampar, og i Bundesliga 365 mål på 427 kampar. Han vert rekna som ein av dei mest effektive spissar gjennom alle tider, og fekk kallenamnet «der Bomber (der Nation)» og «Kleines dickes Müller».
Müller starta fotballkarrieren i klubben TSV 1861 Nördlingen. Han gjekk til Bayern München i 1964, der han spela på lag med dei komande storspelarane Franz Beckenbauer og Sepp Maier. Den gongen var klubben, som seinare vart Tyskland sin mest suksessrike klubb gjennom alle tider, framleis i Regionalliga Süd, som den gongen var eit nivå under Bundesliga. Etter ein sesong rykte Bayern München opp i Bundesliga. Gjennom dei neste åra var Müller med på å vinne fleire tyske og europeiske trofé for klubben, og vart i tillegg både tysk og europeisk toppscorar fleire gongar.
Gerd Müller debuterte på Tyskland sitt landslag i 1966, og spela der til og med finalen i VM i fotball 1974 på Müller si heimebane i München. Han scora sigersmålet i finalekampen mot Nederland. Med fire mål i denne verdsmeisterskapen og 10 mål i VM i fotball 1970 har han scora nest flest mål gjennom tidene i VM i fotball, etter Ronaldo.
Müller deltok også i EM i fotball 1972, der han vart toppscorar med fire mål, og vann meisterskapen med det tyske laget.
Etter karrieren i Bundesliga reiste han i 1979 til USA for å spele for Fort Lauderdale Strikers i den nordamerikanske ligaen. Han spela der i tre sesongar og scora 38 mål.
Etter at Müller la opp i 1982, fekk han alkoholproblem. Dei tidlegare kollegaene i Bayern München fekk han til å gjennomgå eit rehabiliteringsprogram, og gav han jobb som amatørtrenar i sin gamle klubb, der han framleis arbeider. Han arbeidde vidare som assisterande manager for Bayern München sitt 2. lag.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Gerd Müller, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.