Generalsekretær er tittelen på den «overordna sekretæren», det vil seie den daglege leiaren, i ein stor organisasjon eller institusjon, for eksempel ein interesseorganisasjon eller eit vitskapsakademi.
Generalsekretæren er som regel tilsett, til forskjell frå organisasjon sin styreleiar som ofte blir vald på eit landsmøte eller ei generalforsamling. Ein generalsekretær arbeider også på heiltid, noko ein styreleiar ikkje alltid gjer. Ein generalsekretær kan i slike tilfelle dermed ha meir reell makt enn styreleiaren, på grunn av høvet til å bruke meir tid, og tettare kontakt med organisasjonen.
Generalsekretær blir også brukt om den øvste leiaren i administrasjonen av internasjonale organisasjonar som for eksempel FN, NATO, OPEC, Interpol og Europarådet. Ordet tilsvarar då det engelske secretary general.
Generalsekretæren i politiske parti kan også ha tittelen partisekretær eller berre sekretær.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Generalsekretær, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.