Generalguvernør

Generalguvernør er ei nemning for den fremste tenestemannen i eit territorium.

Nemninga blei tidlegare brukt i britiske koloniar. Ho er framleis nytt om den øvste representanten til krona i samvelderika, landea som deler statsoverhovud med Storbritannia. I desse landene utøver generalguvernøren fullmaktene og pliktene til monarken som statsoverhovud.

Tittelen har historisk også vore nytta i Sverige, der den første generalguvernøren over Finland blei utpeika i 1594. Det blei også utnemnd generalguvernørar i andre svenske besittelsar - Estland, Livland og Pommern. Tidvis kunne ein også nytta tittelen i det eigentlege Sverige. I Finland blei tittelen vidareført etter at landet blei avstått til Russland. I 1814 var Hans Henrik von Essen tiltenkt rollen som generalguvernør i Noreg, men blei i staden formelt kalla statthaldar.

Nemninga «generalguvernør» er også blitt nytta for den øvste administrative eller militære leiaren for belgiske, danske, franske, nederlandske, portugisiske og spanske koloniar.

Etter at USA overtok Filippinane frå Spania i 1898 blei landet i åra 1905-1935 styrt av ein generalguvernør. Den øvste leiaren for Japan på Taiwan frå 1895 til 1945 og i Korea frå 1910 til 1945 var også generalguvernør. Etter at Tyskland okkuperte delar av Polen i 1939 ble Generalguvernementet etablert, med ein generalguvernør i spissen.

Kjelder

Tags:

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Georg VI av StorbritanniaArian EngebøDale i SunnfjordLitókhoroMyAnna BuringDet norske flaggetFabien BarthezVinkelfartAtenBestemorKaspihavetOla Honningdal GryttenKristoffer ColumbusTsjasiv JarOrrfuglDampmaskinLilleNorges Kommunistiske PartiRekonvalesensSpaniaVerdas landDen franske revolusjonenDadaismePiStorsnøstjerneVinje kommuneDet internasjonale fonetiske alfabetetSaltGaysirBenito MussoliniJaguarMatterhornAn-MagrittPoEuropameisterskapen på skeiser 1959Ali Baba og dei førti røvaraneFlammepunktTraktorIf I Were SorryTyrkiaGauderSpesifikk varmekapasitetCristiano RonaldoVårsandbieEukalyptusslektaMargrethe II av DanmarkSamleieØBrigaderLevestandardFemundenSola i KarlstadKnekkebrødIslandListe over primtalSnøleopardKetsalarFacebookHar SedomHundBuskerud fylkeDie Gedanken sind freiRhinenLinerleFiskeørnLiberalHormuzsundetMount St. HelensFolgefonnaTsjekkiaSosialistisk VenstrepartiFilmen Harry Potter og De vises steinBergen kommune🡆 More