Garm (norrønt: Garmr) er i den norrøne gudelæra ein diger hund som vaktar inngangen til dødsriket til Hel.
Garm er den største hunden som fanst, som regel blodig om både brystet og kjeften. Han held til i Gnipahelleren.
Voluspå fortel at hunden skal varsla Ragnarok ved å gøy høgt tre gonger. Etter det første varselet skal Fimbulvinteren ta til. Etter det andre skal jotnar koma seg inn i Åsgard. Det tredje ber bod om ei ny og betre verd etter kaoset.
Under kampen mellom jotnar og æser skal Garm slost mot Ty, og dei to kjem til å drepa kvarandre.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Garm, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.