Glonass

GLONASS (russisk: ГЛОНАСС; IPA: ), akronym for Globalnaja navigatsionnaja sputnikovaja sistema, «Globalt navigasjonssatellittsystem») er eit russisk satellittnavigasjonssystem.

Opphavleg var systemet fullt operativt med global dekning i 1995, eitt år etter amerikanske NAVSTAR GPS, men på slutten av 1990-talet mangla det pengar til å erstatta satellittar som måtte pensjonerast, og systemet vart kraftig redusert. Først i 2011 var systemet atter fullt operativt, og då med meir moderne satellittar og høgare presisjon. GLONASS-systemet vert brukt til såvel almindeleg terreng-posisjonering som til noggrann landmålingsposisjonering.

Glonass
Førstegenerasjons GLONASS-satellitt
Glonass
Ein liten modell av «GLONASS-M», ein andregenerasjons GLONASS-satellitt framvist på CeBit 2011.
Glonass
Modell av «GLONASS-K», ein tredjegenerasjons GLONASS-satellitt framvist på CeBit 2011.

Historie

Utviklinga av GLONASS starta i Sovjetunionen i 1976. Den første satellitten vart skoten opp 12. oktober 1982, og ved Sovjetunionens fall i 1991 var det skote opp totalt 43 GLONASS-relaterte satellittar pluss fem test-satellittar. Tolv satellittar var operative, men det trongst 18 for dekning av heile Russland og 24 for global dekning. I 1995 var dei 24 satellittane på plass, noko som fekk presisjonsnivået opp på nivå med det amerikanske GPS-systemet, som var ferdigstilt eitt år tidlegare. Men førstegenerasjonssatellittene hadde kort levetid, og dei økonomiske problema i landet på 1990-talet førte med seg så store kutt i løyvingane til romfartsprogrammet at nye satellittar ikkje kunne verta oppskotne. På det lågaste, i 2001, var det berre seks operative satellittar att. Same år vart det likevel vedteke ein plan for å få systemet på full fote att, og systemet vart overført frå Forsvarsdepartementet til den sivile romfartsorganisasjonen Roskosmos.

Oppskytning av andregenerasjonssatellitten GLONASS-M starta 1. desember 2001. Etter ti år markerte oppskytningen frå Plesetsk kosmodrom 3. oktober 2011 at systemet igjen var fullt operativt med 24 satellittar og global dekning. Det opphavlege GLONASS-systemet hadde to ulike signal for militær og sivil bruk, med høvesvis 10 og 20 m grannsemd. Den 18. mai 2007 vart òg dei tidlegare militære signala fritt tilgjengeleg for sivil nytte.

Den første tredjegenerasjonssatellitten, kalla GLONASS-K, vart skoten opp 26. februar 2011 frå Plesetsk kosmodrom.

Systemet

Glonass 
Samanlikning av banane til satellittnavigasjonssystema GPS, GLONASS, Galileo og Compass med banane til Den internasjonale romstasjonen (ISS), Hubble Space Telescope og Iridium-konstellasjonen, geostasjonær bane, og storleiken til jorda. Banen til månen er til samanlikning 9,1 gonger større (i radius og lengd) enn den geostasjonære banen.

Satellittane er i ein sirkulær jordbane i 19 100 km høgd med inklinasjonen til 64,8 gradar og omløpstid på 11 timar og 15 minutt. Banen gjer systemet spesielt godt eigna for posisjonering ved høge breiddegradar (nord eller sør), der det kan vera vanskeleg å få gode GPS-signal. Konstellasjonen opererer i tre orbitalplan, der det i kvart plan er åtte satellittar med lik avstand mellom seg. 24 operative satellittar er naudsynt for global dekning, medan 18 satellittar held for å dekka Russland. Som i andre satellittnavigasjonssystem må ein mottakar vera innanfor rekkjevidd av fire satellittar for å kunna posisjonera seg. Tre satellittar trengst for trilaterasjon, og den fjerde for å synkronisera klokka til mottakaren med satellittane.

Kommersiell nytte

Sjølv om GLONASS no har global dekningsgrad, er nytta av GLONASS-signal i kommersielle produkt førebels liten i tilhøve til det amerikanske GPS-systemet. For å bøta på situasjonen, annonserte Sergei Ivanov i august 2010 at Russland innfører 25 % importskatt på alle GPS-produkt som ikkje òg støttar GLONASS.

I løpet av 2011 melde ST-Ericsson, Broadcom og Qualcomm[treng kjelde] at dei var klåre til å levera brikkesett som støttar både GPS og GLONASS. I april 2011 vart Sveriges Swepos det første utanlandske selskapet til å ta i bruk GLONASS. I oktober 2011 fekk Garmin eTrex-linja støtte for GLONASS. I løpet av 2011 og 2012 fekk mange smarttelefoner støtte for GLONASS, blant andre Samsung Galaxy S3, Samsung Galaxy Note og Note II, Sony Ericssons Xperia og Apples iPhone 4S, iPad 3., Motorola Razr (fleire modellar), Nokia Lumina 820 og 920 og LG Optimus 4X.

Referansar

Bakgrunnsstoff

Tags:

Glonass HistorieGlonass SystemetGlonass Kommersiell nytteGlonass ReferansarGlonass BakgrunnsstoffGlonassAkronymDet internasjonale fonetiske alfabetetGPS - Global Positioning SystemLandmålingRussiskUSA

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

WalesHalsnøyNiDigital object identifierStemmerettsalderHalldis Moren VesaasKroatiaGoogle ChromeWiktionaryKattAlenCarl XVI Gustaf av SverigeInternasjonal telefonkodeMusikkgruppa ChipsKon-Tiki-ekspedisjonenMaskorama (sesong 4)NetflixRegionar i EtiopiaKakebuOrvar-OddArne Alsåker SpildeProstitusjon27-årsklubbenNoregRøyskattTyrkiaGabrielSoknerådKlubbeVM i fotball 2022Den afghansk-sovjetiske krigenShagnasty IslandKristningIndiaOppland fylkeSkirennaren Jo EggenSovjetunionens kommunistiske partiAad GjelleØystein SundeLill LindforsFrode GrodåsJordaOkraShetlandsøyane1742NederlandskSantaliDen store brennevinsdagenKirgisistanFasan5. desemberBarentshavetLepsøyaMusvåkSlaget om StalingradBosnia-HercegovinaBergenMenneskerettarGolden GlobeSomaliaEinar SagenSiemens AGBuMitokondriumAddis AbebaRundeCreative CommonsKnapstadFred AstaireSaltCanada🡆 More