Ghb: Kjemisk sambinding

GHB er ei forkorting for det syntetiske stoffet og rusmiddelet gammahydroksybutyrat.

GHB blir rekna som særleg farleg på grunn av den kraftige effekten, og at det er svært vanskeleg å måle til «rett» dose. Det er òg vanskeleg å behandle tilfelle av GHB-overdose på grunn av at det ikkje finst noka kjent motgift.

GHB vart framstilt som eit bedøvingsmiddel på 1950-talet. I dag blir det ulovleg framstilt og omsett som tablettar, i pulverform eller flytande på små flasker. Flytande form er mest vanleg.

Små dosar GHB gjev ein oppkvikkande rus: Ein føler seg vaken og kunstig pigg og opplagt. Større mengder kan gi ein bedøvande/sløvande effekt og hallusinasjonar (sansebedrag). Verknaden kjem etter 5–20 minutt og kan vare i halvannan til tre timar. Mange blir hissige og aggressive under rus. Sjølv små dosar kan føre til svimring, snøvling, hovudverk, krampar og lågare blodtrykk. Ved overdose kan brukaren svime av og hamne i koma mens hjartet blir svekka eller luftvegen blokkert. GHB er spesielt farleg når det blir bruka saman med alkohol. Langtidsbruk av GHB kan føre til psykiske problem og depresjonar.

Spire Denne medisinartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.

Tags:

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

SlovenskStore norske leksikonMaktaMaud av NoregRussiskKjøleskapAfghanistanSax-a-boomKjerringa med stavenAksel KankaanrantaFagorganisasjonBlood on the TracksAksel SandemoseJenny SkavlanNaheBrennverdiAmy WinehouseLohengrin sjokoladeKokosmakron1641Øystein SundeGustav ValsvikPHNederlandNorskThorleif HaugMP3Den julianske kalenderenFabian RießleGammalkyrkjeslaviskGranadaAlpin tundraWalter Henrique de OliveiraMayo Clinic1. divisjon fotball for mennBiologisk familieCoventry CityLarge Binocular TelescopeHerr Jesu Christ, wahr' Mensch und GottSumatraWilliam OrpenStein EriksenYuji TakeshimaOxfamMånenSteingardar i NoregSexyFilmjølkSamleieSandy Denny1998 TitiusSteve PorcaroArne RustadstuenMaria MuldaurSuzanneBjørn Alexander BremSchneider-troféetJens StoltenbergAngela WinbushHomo erectusOslo kommuneDisney Channel SkandinaviaFinnøySmåtrollen och den stora översvämningenØystein AdilssonBritisk pundAndreas BouraniLucas GaúchoHurtigrutaDen gamle verdaKjeungskjær fyrstasjonBill ChamplinStrålingEinatHenry LawsonLagnadUrfolk🡆 More