Gautane eller gøtane (norrønt gautar, svensk götar) var eit nordgermansk folk som budde i område i dagens sørlege Sverige.
Desse områda ber fortsett preg av dette, spesielt i namn som Göteborg, Västergötland og Östergötland.
Gautane vart omtalt allereie i år 150 av den greske astronomen og geografen Klaudios Ptolemaios som «Goutai». Jordanes skreiv om Gautigoth i det sørlege Sverige, mens Prokopius kalla dei Gautoi. Sagalitteraturen kalla dei Gautar. Det er usikkert om geater som er nemnde i Beowulfkvadet og Widsith, er gautar eller jydar. Gautar kunne tidlegare brukast som etnisk nemning for forfedrane til alle nordiske folk, men det omgrepet har blitt erstatta av (nord)germanarar.
Gutarane frå Gotland er eit uavhengig folkeslag, men dei har same opphav.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Gautar, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.