Gävlebukken (svensk Gävlebocken) er ein ca.
13 meter høg halmbukk som blir bygd kvart år på Slottstorget i den svenske byen Gävle før fyrste sundag i advent. Tradisjonen byrja i 1966 etter ein idé av reklamemannen Stig Gavlén. Hovudkonstruksjonen er av tre, og bukken er dekt av halm, slik at han liknar dei tradisjonelle, langt mindre, halmbukkane som blir brukte som julepynt innandørs og på juletre. Opphavleg var oppsettinga av den store bukken tenkt som ei eingongshending, men på grunn av den store populariteten han raskt fekk i byen, blei han bygd opp også året etter og blei etterkvart ein tradisjon.
Bukken skulle opphavleg vera reklame for «Köpmannaföreningen Söders köpmän». Tidlegare år hadde dei bygd opp forstørra versjonar av eit par ski og ein pinnestol, men frå 1966 er det halmbukken til Gavlén som har vore førjulstradisjonen. Bukken har horn i ein stor boge frå hovudet, ein liten hale og raude band rundt mage, bein, hovud og hale.
Første desember 1966 blei den første Gävlebukken sett opp. Nyttårsaftan blei han fullstendig øydelagd av brann. Dette var den første av svært mange ulovlege øydeleggingar bukken er blitt utsett for gjennom åra. Mellom 1966 og 2019 har han brunne minst 29 gonger, i tillegg til at han er blitt øydelagd på anna vis fleire gonger. Han er til dømes blitt påkøyrd med bil og har fått beina øydelagde.
Etterkvart er det fleire gävlebuar som meiner at den brennande, eller brunne, bukken er ein like viktig tradisjon og symbol for Gävle som sjølve bukken. Til og med medlemmar i kommitéen som står for bukkeoppsettingar meiner at bukken må brenna no og då for å halda på interessa. I 1997 blei det utført ei offisiell brenning av bukken, der Stig Gavlén sjølv tok del. Gavlén har likevel vore mest kritisk til brenning av bukken, og uttalte i 2014 at kommunen burde stoppa oppsettinga om dei ikkje kunne få bukt med nedbrenninga.
Alle avgjerder som gjeld Gävlebukken blir gjort av Gävle City og Gävle kommune, som utgjer «Bockkommittén». «Gävlebocken» er eit registrert varemerke og kan ikkje brukast utan løyve frå Bockkommitén.
Tradisjonen med Gävlebukken byrja i 1966. Det var reklamemannen Stig Gavlén (1927-2018) som kom på ideen om å setja opp ein gigantisk variant av ein tradisjonell julebukk på Slottsfjellet i Gävle. Konstruksjonen og utsjånaden blei overlatne til sjefen for brannvesenet i Gävle, Jörgen Gavlén, som var bror av Stig Gavlén. Bukken blei bygd av brannfolka i byen, og dei heldt fram med dette til 1970 og seinare òg i perioden 1986–2002. Den første bukken var 10 meter høg og 3 tonn tung, og blei sett opp på torget den 1. desember 1966. Bukken hadde kosta 10 000 kr å produsera, og var finansiert av Harry Ström. Då klokka slo tolv på nyttårsaftan blei bukken sett i brann. Gjerningsmannen blei funnen og sikta for grovt skadeverk.
Bukkane i 1967 og 1968 blei ikkje brunne ned, og var bygde på same skjelett. Desse bukkane var 12 meter høge og 6,5 meter lange, med 3 meter høge bein. Bukken frå 1969 var den første som blei sponsa av styresmaktene i Gävle. Denne brann i løpet av nyttårsnatta, og gjerningsmannen blei aldri funnen. Bukken frå 1970 brann allereie natta etter at han var innvigd. To menn i 20-åra som hadde tent på blei gripne og sikta for mordbrann. Dette året blei bukken gjenoppbygd i siv. Etter dette året gjekk Söders Köpmän lei av prosjektet, og la det ned.
I staden tok Vasaskolans Naturvetenskapliga förening over, og bygde i 1971 ein 1,5 meter høg bukk som blei sett på same stad som den gamle bukken. Denne mindre bukken blei også utsett for sabotasje, men ikkje for brand. Bukken frå 1971 blei slått sund, den frå 1973 blei stolen og den frå 1976 år meidd ned av raggarbilar. I 1985 bygde Vasaskolan, med finansieringshjelp frå Söders Köpmän, den høgaste bukken til då. Denne hadde ei høgd på 12,5 meter, og kom inn i Guinness Rekordbok. Bukken fekk noko annleis proporsjonar enn før, med ekstra lang hals. I slutten av januar blei han brunnen ned. Året etter tok Söders Köpmän opp bukkebygginga igjen. Det førte til protestar frå Vasaskolan, som også bygde ein bukk. Sidan har det derfor blitt laga to bukkar, ein stor og ein litt mindre.
Kring midten av 1980-talet byrja også omgrepet Gävlebocken å dukka opp i svenske riksmedia. Bukken frå 1987 sette ein ny Guinness-rekord med ei høgd på 12,93 meter. Dette er blitt verande den største bukken til no. Han brann veka før jul, sjølv om han var innsett med vatn og impregnert. I 1988 kunne ein for første gong vedda ved engelske veddemålsselskap om bukken kom til å brenna og kva tid. Dette året brann han likevel ikkje. I 1989 brann han derimot før han var bygd ferdig, men bukken blei gjenreist og stod fram til januar 1990, då han blei brunnen. I 1991 blei det spent ein slede til bukken som var full av pakkar med reklame for ulike butikkar og varer. Dette skapte debatt, og sleden blei teken bort.
Bukkebrennaren i 1992 blei dømd for tre brannar: Av den store bukken 5. og 10. desember og av den mindre bukken. Den store bukken blei bygd opp ein tredje gong, og blei under namnet «Hälsingebocken» symbol for den såkalla Gävleborgskampanjen. Hälsinge-regimentet skulle leggjast ned, samtidig som arbeidsløysa i lenet var stor. For å skapa merksemd blei bukken frakta til Stockholm og sett på ein flåte i Stockholms ström som til slutt blei forankra midt framfor Lejonbacken og Kungliga Slottet. I 1993 blei det sett opp ein skigard rundt bukken. I blei det 1994 i tillegg til halmbukken bygd ein bukk i tre som blei send til VM i ishockey i Italia. Seinare blei han plassert utanfor inngangen til Furuviksparken og deretter ved Gävle Bro. Bukken frå 1995 kosta 150 000 kr å produsera, og blei påkosta av Söders köpmän, Gävle kommun og Arbetarbladet. I 1996 blei bukken filma med eit webkamera så ein kunne følgja med på kva som skjedde med han via Internett. I 1997 bestemde Bockkommittén at bukken skulle brennast opp som eit stunt, og fekk mellom anna Stig Gavlén med på brenninga.
Til markeringa av tusenårsskiftet skipa Gävle konstcentrum hausten 1999 til utstillinga Spectacle for a Millennium med kunstnaren Carina Gunnars, som krinsa kring bygginga og brenninga av bukken. I 2001 blei bukken brunnen av den 50-årige amerikanaren Lawrence Jones som var på vitjing i Sverige. Han blei arrestert og seinare dømd til fengsel i ein månad og til å betala 100 000 kroner i erstatning til Föreningen Söders Köpmän. Fengslingstida blei utlikna mot fengselsdommen, og Jones forlet landet utan å betala erstatninga.
Sjølv om den store halmbukken har klart seg nokre år, har det tidvis gått dårlegare for den mindre. I 2014 fekk han berre stå ei veke før frambeina hans blei slått sund. Den store bukken blei verande uskadd.
I 2019 var bukken snudd 180 gradar, så det skulle vera enklare å ta selfiar med han som bakgrunn. Førestillinga i samband med innviinga av Gävlebukken i 2019 blei strøymd over Internett. I 2020 blei det på grunn av koronaviruspandemien stelt til ei digital livesending av eit timeslangt show.
Julebukktradisjonen i Gävle har inspirert til halmbukkar andre stader. Også nokre av desse er blitt råka av brann.
Sidan midten av 1990-talet har det vore ein julebukk i Örebro. Han er ikkje kledd med halm, men med granris. Tidlegar har Örebro hatt ein halmbukk tidigare. KFUM sin julebukk frå 1950 var plassert på Storgatan 23 og forbipasserande var nøydde til å gå under han. I Huskvarna og Jönköping stiller ein ut store kornband før jul. Sidan 2012 har IKEA i Garðabær utanfor Reykjavik på Island sett opp ein halmbukk etter inspirasjon frå Gävlebukken. Denne har brunne fleire gonger.
I 2014 blei det send materiale til å byggja ein bukk i Zhuhai i Kina, i samband med at Gävle og Zhuhai feira femårsjubileum som venskapsbyar.
Informasjonen i lista nedanfor er henta frå nettstaden Gävlebockens historia der ikkje anna er nemnt.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Gävlebukken, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.