Schleswig-Holstein-Sonderburg-Glücksburg (dansk Slesvig-Holsten-Sønderborg-Lyskborg) er namnet på det nord-tyske fyrstehuset som regjerer i Noreg, Danmark og Storbritannia, og tidlegare regjerte i Hellas.
Schleswig-Holstein-Sonderburg-Glücksburg er eigentleg ei linje av Fyrstehuset Oldenburg.
Fyrstehuset kom til kongsmakt med kong Kristian IX av Danmark. Den tidlegare greske prinsen av Hellas og Danmark, hertug Philip av Edinburgh, gift med dronning Elizabeth II av Storbritannia, var også medlem av fyrstehuset Schleswig-Holstein-Sonderburg-Glücksburg, og kong Charles III av Storbritannia høyrer dermed òg til dette fyrstehuset.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Fyrstehuset Schleswig-Holstein-Sonderburg-Glücksburg, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.