Parlamentarisme i kommunar er ein måte å styre norske kommunar eller fylkeskommunar som er eit unntak frå kommunelova sin hovudmodell om formannskap.
Parlamentarismen i norske kommunar er ganske lik parlamentarismen i Noreg. Det tyder at eit Byråd/Kommuneråd eller Fylkesråd styrer, men er avhengig av å ha tillit frå eit fleirtal i kommunestyret eller fylkestinget. Ein kommune eller eit fylke med parlamentarisme har ikkje formannskap eller fylkesutval. Ordføraren si rolle er og avgrensa til å vere ordstyrar og representere kommunen eller fylket. Rådet vil vanlegvis få seg delegerte dei fullmaktene som formannskapet og andre utval i kommunestyre ellers har. Det er kommunestyret eller fylkestinget som avgjer kor omfattande delegeringa til rådet skal vere. I ein kommune eller ein fylkeskommune med parlamentarisme fell stillinga som rådmann bort. Rådet overtar leiinga av administrasjonen.
Denne artikkelen treng fleire referansar for verifikasjon. |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Parlamentarisme i kommunar, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.