Fugleskremsel

Fugleskremsel (fugleskræme) er ei innretning sett opp i hagar, dyrka mark og liknande for å halde fuglar frå å ete eller skade avlinga.

Ofte er eit fugleskremsel forma meir eller mindre som ei etterlikning av eit menneske, med lause klede og andre ting som vinden kan sette i rørsle, eller forma som figurar som kan gje inntrykk av å vere flygande rovfuglar. Som fulgeskremsel vert det òg nytta strimlar av blenkande og knitrande aluminiumsfolie eller cdar som vert hengt opp på greinene i frukt- og bærtrea, eller på snorer over bærbuskane eller plantane.

Fugleskremsel
Eit tsjekkisk fugleskremsel.

Fugleskremsel i kulturen

I tillegg til nyttebruk kan ein også ha fugleskremsel som pynt, ofte i samband med haust, halloween og liknande. Fleire stader i verda blir det halde fugleskremselfestivalar der ein lager forseggjorte fugleskremsel.

Det finst fleire døme på levande eller medvitne fugleskremsel i litteratur og tradisjon. I japansk mytologi har jordbruks- og kunnskapsguden Kuebiko form som eit fugleskremsel. Han kan ikkje røra på seg, men oppfattar alt. I novella «Feathertop» frå 1852 av Nathaniel Hawthorne blir eit fugleskremsel fortrolla slik at det blir levande. Eit levande fugleskremsel på jakt etter hjerne er ein av hovudfigurane i boka The Wonderful Wizard of Oz (1900 ) og filmatiseringa The Wizard of Oz (1939). «The Scarecrow», eit fugleskremselvesen, opptrer som fiende for Batman i fleire teikneseriar og filmane Batman Begins (2005) og The Dark Knight (2008).

Galleri

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Fugleskremsel  Commons har multimedium som gjeld: Fugleskremsel

Tags:

Fugleskremsel i kulturenFugleskremsel GalleriFugleskremsel KjelderFugleskremsel BakgrunnsstoffFugleskremselAvlingFuglarKledeKompaktplateMenneskeVind

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Lonnie MackVestleg kampkunstWikifrasarKongsberg IdrettsforeningEli Kari GjengedalInca Garcilaso de la VegaKråkebollePollachiusBardufoss lufthamnKognitivismeKristiansund BallklubbPandaÆEnkeltbekkasinAksel SandemoseDiktLinn UllmannNazismeSjantiArne TreholtPlussLemmingMichael TetzschnerAndrej KrautsjankaMogopGresk mytologiHarry PotterSydneyKonsensusmodellenVevdesignWikimediaMaiken Caspersen FallaNynorskdagenÁrakhthos i ÁrtaHovudsideNederlandLufttrykk633Ski-VM 2019GotlandLarge Binocular TelescopeHerman WildenveyHollandKalkulusMagnar EstenstadBlåmannIrritasjonMitoseJaroslav SoukupKonsentrasjonsleirWilliam ShakespeareWorld Wide Fund for NatureFreddie MercuryGunnar StaalesenGunnhild SundliErik AndersenTønsberg kommuneI'm Still StandingJomfru MariaFrøylandsvatnetHenry LawsonNorskMGiroKypros27-årsklubbenReligiøse debattar om Harry Potter-serienSaudiarabisk geografiGoogle MapsMinar-e-PakistanTilsynelatande storleiksklasseTommy RobinsonFilmen Land og fridomPierre-Simon LaplaceNonNorsk ytre språkhistorie🡆 More