Frostatingslova er ei av dei eldste lovene i Noreg.
Den versjonen av lova som er kjend i moderne tid fekk si form i 1260, under Håkon Håkonsson. Delar av lova er fleire hundre år eldre enn det. Det mest kjende sitatet frå lova er «med lov skal landet vårt byggjast, og ikkje med ulov øydast» (gamalnorsk: at lǫgum skal land várt byggja en eigi at ulǫgum eyða).
Riksarkivet har to fragment av Frostatingslova, dei er restar av eit manuskript av Frostatingslova som vart skrivne i andre halvpart av 1200-talet. Det eine er ca. 12 x 17,5 cm, det andre ca. 11 x 15 cm. Fragmenta vart ein del av Noregs dokumentarv i 2014.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Frostatingslova, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.